Uranienborg er eit strok i Bydel Frogner i Oslo med diffus avgrensing, men med hovudparten liggjande mellom Holtegata i nordvest, Uranienborgveien i nordaust, Briskebyveien og Riddervoldgate i sørvest, og Inkognitogata i søraust. Uranienborg terrasse aust for Uranienborgveien vert dessutan gjerne rekna med til stroket, og mange tek med heile Inkognitogata og Inkognito terrasse.

Uranienborg med Uranienborg kyrkje. Slottsparken med Slottet sentralt i biletet. Fotografi frå 2015.
Kart over Uranienborg frå om lag år 1900.

Stroket har namn etter ei gamal løkke som vart skild ut garden Frogner. For det meste er Uranienborg eit bustadstrok med bygardar i elegant utforming. Utbygginga tok til på 1880-talet, og Uranienborg kyrkje vart vigsla i 1886. Bustadbygginga mellom Uranienborgveien og Riddervolds gate tok til ved Uranienborgveien ikring år 1885 med bygardane Oscars gate 35-39 og 32-34, og bygardane Riddervolds gate 7 og Oscars gate 59.