Uranius Tholus (Uraniuskvelven) er ein vulkan i den nordlege halvkula til Mars, nordaust for Tharsisfjella.[1] Han er 62 kilometer brei ved foten og når 4,5 kilometer over slettene rundt.

Uranius Tholus (høgre) og Ceraunius Tholus fotografert av Mars Express
Ein del av toppen til Uranius Tholus fotografert av Mars Reconnaissance Orbiter
Høgdekart over Uranius Tholus og nærområdet

Like ved ligg vulkanen Ceraunius Tholus, og mellom Uranius og Ceraunius Tholus ligg nedslagskrateret Rahe. I aust ligg den mykje større vulkanen Uranius Mons.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Kart over Tharsis-kvadranten hjå Gazetteer of Planetary Nomenclature

Bakgrunnsstoff

endre