Ursula K. Le Guin
Ursula Kroeber Le Guin (21. oktober 1929–22. januar 2018) var ein amerikansk forfattar og kritikar som tok opp spørsmål knytta til kjønn og rase i verka sine.[1] Ho fekk stor merksemd for romanen The Left Hand of Darkness (1969), der ho introduserte science fiction-universet Ekumen. Romanen, som skulle få fleire oppfølgjarar med handling frå same univers, etablerte Le Guin for alvor blant dei fremste science fiction-forfattarane.[2] For The Left Hand of Darkness fekk Le Guin både Hugo-prisen og Nebula-prisen.[3] Boka er gjeven ut på norsk under tittelen Mørkets venstre hånd (sjå nedanfor).
Ursula K. Le Guin | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 21. oktober 1929 Berkeley |
Død |
22. januar 2018 (88 år) |
Yrke | skribent, manusforfattar, omsetjar, romanforfattar, lyrikar, forfattar, litteraturkritikar, science fiction-forfattar, kvinnesaksforkjemper, barnebokforfattar, journalist, prosaforfatter, writer of feminist science fiction |
Sjanger | science fiction, fantasy, feministisk science fiction |
Medlem av | Phi Beta Kappa, American Academy of Arts and Letters |
Religion | Taoisme |
Far | Alfred L. Kroeber |
Mor | Theodora Kroeber |
Ektefelle | Charles Le Guin |
Ursula K. Le Guin på Commons |
Le Guin er også kjent for bøker for unge i fantasiverda Jordsjø,[4] som har vore i konstant nye opplag sidan utgjevinga.[1]
I tillegg til The Left Hand of Darkness, har romanen The Dispossessed (1975) gjeve Le Guin både Hugo og Nebula.[5] Sidan har ho fått Nebula for romanane Tehanu: The Last Book of Earthsea (1990)[6] og Powers (2007)[7]
Le Guin døydde 22. januar 2018 heime i Portland i Oregon etter fleire månader med dårleg helse.[8]
Omsetjingar til norsk
endre- Skog vil si samfunn (Gyldendal Norsk Forlag, 1979) ISBN 8205116563
- Fortellinger fra Orsini (Gyldendal Norsk Forlag, 1979) ISBN 8205120005
- Mørkets venstre hånd (Gyldendal Norsk Forlag, 1980) ISBN 8205124272
- novella «Det nye Atlantis» i antologien Nye Atlantis (Bok og Magasinforlaget, 1982) ISBN 8290387024
- Jordsjø-serien
- Trollmannen fra Jordsjø (Gyldendal Norsk Forlag, 1978) ISBN 8205112673
- Atuans gravkamre (Gyldendal Norsk Forlag, 1979) ISBN 8205118698
- Den fjerneste kyst (Gyldendal Norsk Forlag, 1980) ISBN 8205123225
- Tehanu (Gyldendal Norsk Forlag, 1993) ISBN 8205217327
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Maya Jaggi: «The magician» i The Guardian 17. desember 2005
- ↑ Charlotte Spivack: Ursula K. Le Guin (Twayne Publishers, Boston, Massachusetts, USA 1984) ISBN 0-8057-7393-2, s. 57
- ↑ Worlds Without End om The Left Hand of Darkness
- ↑ Kari Sønsthagen og Torben Weinreich: Leksikon for børnelitteratur (Branner og Korch 2003) ISBN 87-411-5970-5
- ↑ Worlds Without End om The Dispossessed
- ↑ Worlds Without End om Tehanu: The Last Book of Earthsea
- ↑ Worlds Without End om Powers
- ↑ Jonas, Gerald (23. januar 2018). «Ursula K. Le Guin, Acclaimed for Her Fantasy Fiction, Is Dead at 88». The New York Times. New York: The New York Times Company. Henta 23. januar 2018.