Usinsk
Usinsk (russisk Усинск) er ein by i republikken Komi i Russland, rundt 750 km nordaust for republikkhovudstaden Syktyvkar og 100 km nord for byen Petsjora. Han ligg på nordbreidda av elva Usa, rundt tre mil før ho munnar ut i elva Petsjora.
Usinsk Усинск | ||
---|---|---|
![]() | ||
![]() | ||
Byvåpenet til Usinsk |
| |
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | ![]() | |
Føderasjonssubjekt | Republikken Komi | |
Grunnlagd Bystatus |
1966 1984 | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
44 078 | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 169710, 169711, 169712 | |
Retningsnummer (tlf) | +7 82144 | |
Bilnummer | 11 | |
Nettstad: www.usinsk.ru/ |
Usinsk vart grunnlagd i 1966 som ein busetnad ved dei nyoppdaga førekomstane av petroleum nord i republikken Komi og fekk bystatus i 1984. Usinsk er administrativt direkte underlagd republikken. Til byen høyrer eit 30 600 km² stort område.
Byen er sentrum for olje og gassutvinninga i republikken Komi. Tre fjerdedelar av olja som vert vunne ut i republikken kjem frå felta i territoriet rundt Usinsk. I 1980 vart byen knytt til Petsjorabanen med eit 108 km langt sidespor.
Kjelder Endra
- Delar av denne artikkelen bygger på «Usinsk» frå Wikipedia på bokmål, den 4. februar 2009.