Ust-Ordynskij
Ust-Ordynskij (russisk Усть-Ордынский) er ein tettstad i Sibir i Russland og var fram til 1. januar 2008 hovudstad i det tidlegare autonome distriktet Ust-Orda Burjatia. Folketalet er 14 300 (2003). Ust-Ordynskij har ikkje bystatus, men vert kalla "tettstad av urban type". Han ligg ved elva Kuda, 62 kilometer nordvest for Irkutsk.