Ustemd språklyd
(Omdirigert frå Ustemt språklyd)
Ein ustemd språklyd er ein språklyd, som regel ein konsonant, som blir uttala utan vibrasjon i stemmebanda (også kalla stemmelippene). Ein språklyd uttala med stemmebandsvibrasjon er derimot stemd. Det norske ordet språklyd (uttala [²spɾoːkˌlyˑd] mellom anna på Søraustlandet) har dei stemde språklydane [ɾ oː l yˑ d] og dei ustemde språklydane [s p k].
Teiknet for ein ustemd språklyd i Det internasjonale fonetiske alfabetet (IPA) er [ ̥].