Uttu var ei mesopotamisk gudinne av sumerisk opphav. Ho var knytt til veving. Ho dukkar opp i fleire myter, som Enki og Ninhursag og Enki og verdsordenen.

Namn og karakter endre

Namnet til Uttu blei skrive TAG×TÙG, med teiknet TAG (vanlegvis uttalt som tuku) som viser til handlinga veving av tøy.[1] Ordet uttu kan òg referera til ein del av ein vevstol.[1] Det er òg mogleg at namnet dTAG.NUN skal lesast som Uttu,[1] men Joan Goodnick Westenholz har avvist denne tolkinga og i staden gått ut frå at dTAG.NUN var ein av dei fleire skrivemåtane for namnet Bizilla eller ei nærskyld gudinne som lik henne kom til å bli knytt til Nanaya i seinare kjelder.[2]

Uttu var rekna som gudinna for veving.[3] Ifølge ein esoterisk forklarande tekst som knyter ulike materiale til gudar, kunne ho vera knytt til farga ull.[4]

Assyriologen Thorkild Jacobsen har hevda at Uttu blei sett på som ein edderkopp som spann ein vev.[5] Men sambandet mellom Uttu og edderkoppar, eller meir nøyaktig mellom namnet hennar og det akkadiske ordet ettūtu (‘edderkoppar’), er avgrensa til ein ein tekst, og det kan representera ein «lærd etymologi» (forskarspekulasjon),[3] ein folkeetymologi[1] eller ganske enkelt byggja på at termane er nesten homofone.[6] I mesopotamisk litteratur er edderkoppar mest attesterte i ordspråk. Dei opptrer òg som motiv i kunst på dei tidlege dynastiske segla som var knytte til kvinnelege vevarar.[3]

Tilbeding endre

Uttu blei tilbedd i E-ešgar, som var ein del av Esagil-templekkomplekset i Babylon.[7]

dTAG.NUN, som kan ha vore den same guddommen som Uttu, hadde eit tempel i Umma i den tidlege dynastiske perioden,[1] bygd av kong Il.[8] dTAG.NUN er òg attestert i eit teoforisk namn, Ur-dTAG.NUN.[1]

Ein kjenner til to tospråklege sumerisk-akkadiske formular frå den neo-assyriske perioden som nemnar Uttu.[9] I begge tilfelle er ho skildra som å verka i lag med Inanna med å spinna garn.[9]

Mytologi endre

Ifølgje myten Enki og Ninhursag var Uttu dotter av Enki og Ninkurra.[10] I ein seinare tradisjon var Ninkurra i staden ein mannleg guddom og maken til Uttu.[1] Ein variant av Enki og Ninhursag gjer Ninkurra til Uttu si bestemor medan Ninimma er mor hennar.[11] Enki blir òg kalla far til Uttu i ein neo-assyrisk inkantasjon.[1] Ein annan sein tekst dokumenterer ein tradisjon der far hennar var Anu.[11]

I Enki og Ninhursag er Uttu den siste gudinna Enki (med hjelp frå Isimud[12]) prøver å forføra medan han går gjennom ei rad incestuøse forhold med etterkomarane sine (Ninšar, Ninkurra, i ein variant av teksten Ninimma, og så Uttu).[10] Til skilnad frå die andre gudinnene får Uttu råd frå Ninhursag,[10] og prøver truleg å lura Enki med ein falsk lovnad om ekteskap under vilkåret om at han vil gje henne ferske matvarer.[13] Medan ho lukkast i fyrste omgang, klarer Enki å få tak i agurkane, eplene og druene ho bad om frå ein bonde.[13] Han kjem til henne for andre gong forkledd som gartnar, og denne gongen gjer han Uttu svanger.[11] Ninhursag kjem til og klarer å fjerna sæden til Enki frå kroppen til Uttu, slik at syklusen av incestuøse forhold blir avbroten.[9] Scenen har fleire detaljar enn dei føre forholda mellom Enki og døtrene hans i den same myten.[9] Denne forteljingar har ingen referansar til Uttu si tilknyting til veving.[9]

Uttu opptrer òg i myten Enki og verdsordenen, der ho er den siste av guddommane som venta på å få eit domene.[9] Ho blir kalla ei «samvitsfull kvinne» og «den stille».[9]

Det finst òg ein referanse til Uttu frå debattdiktet Debatten mellom kornet og sauene, som nemner ei gammal tid lenge før ho byrja å veva, og symbolsk representerer tida før sivilisasjonen og teknologien kom til.[9]

Kjelder endre

Bibliografi endre

 

Bakgrunnsstoff endre