Våren av Sigrid Undset

Våren (opphavleg skrive Vaaren) er ein roman frå 1914 av den norske forfattaren Sigrid Undset.

Hovudpersonane i romanen er det unge paret Rose Wegener og Torkild Christensen. Dei giftar seg og stiftar ein heim, men kjem frå kvarandre ette at dei mister sitt første barn.[1][2] Dei skil seg på ein fredeleg og danna måte. Då dei møter kvarandre att etter fleire år, tek dei oppat forholdet.

Litteraturhistorikaren Liv Bliksrud har skrive at romanen «er blant Undsets mest belærende og moraliserende»,[3] med den sterke vektlegginga si av tydinga til ekteskapet.

Romanen blei tatt med i 1967-utgåva av Norges nasjonallitteratur som det einaste verket frå forfattarskapen til Undset.

Kjelder endre

  1. Dahl, Willy (1984). Norges litteratur (på norsk) 2. Oslo: Aschehoug. s. 306–307. ISBN 82-03-10571-8. 
  2. Amdam, Per (1975). «En ny realisme. Historie og samtid». I Beyer, Edvard. Norges Litteraturhistorie (på norsk) 4. Oslo: Cappelen. s. 420–421. 
  3. Sigrid Undset (1997, s 65) ISBN 82-05-24771-4

Bakgrunnsstoff endre