Véria
Véria Lokalt namn Βέροια | |
---|---|
Utsyn over Véria | |
Geografi | |
Stad | Makedonía |
Koordinatar | 40°31′14″N 22°12′8″E / 40.52056°N 22.20222°E |
Areal | 791,4 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Sentral-Makedonía Imathía |
Hovudsete | Véria (42 508 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 62 655 (2021[1]) |
Folketettleik | 79,2 /km² |
Véria (gresk Βέροια), òg skrive Veroia, er hovudsete i kommunen med same namn og hovudstad i periferieininga Imathía i periferien Sentral-Makedonía i Hellas. Byen er òg sete for eit bispedøme i den gresk-ortodokse kyrkja.
Historie
endreVéria ligg same stad som den antikke byen Berøa (òg kalla Berea eller Beroea), som var viktig på 300-talet fvt. og som var ein del av Kongedømet Makedonia. Som ein del av Romarriket frå 168 fvt. talte Paulus og Silas her i år 54 eller 55 evt. Diocletian gjorde den store og folkerike byen til ein av to hovudstadar i den romerske provinsen og vart ein av dei første byane som vart sete for ein biskop. Byen vart invadert av slavarar og erobra av Det osmanske riket i 1361, som gav han namnet Kara Ferye. Han vart ein del av Hellas igjen i 1912 etter den første balkankrigen.
Véria hadde ein ganske stor jødisk fellesskap i det 1. hundreåret evt. Paulus trekte seg tilbake til Véria med Silas og Timoteus frå jødisk forfølging i Thessaloníki. Då forfølgjarane følgde etter han trekte han til sjøs og reiste til Aten (Apg 17:10-15). Jødane i Véria var derimot meir villige til å lytte til Paulus enn i Thessaloníki, og ein av dei, Sopater eller Sosipater, vart ein av følgjesveinane til Paulus.
Klima
endreVéria har ofte kalde og våte vintrar og tørre og varme somrar. Sommaren 2007 fekk Véria ein av dei høgaste temperaturane ein nokon gong har målt her med 44 °C.
Månad | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des |
Maks. [°C] | 7 | 9 | 10 | 16 | 19 | 29 | 29 | 24 | 19 | 16 | 12 | 5 |
Min. [°C] | 3 | 6 | 8 | 11 | 16 | 19 | 17 | 14 | 12 | 10 | 8 | 4 |
Varmerekordar [°C] | 20 | 22 | 25 | 31 | 36 | 44 | 42 | 39 | 36 | 32 | 27 | 26 |
Administrativ inndeling
endreFrå 2011 omfattar kommunen Véria òg dei tidlegare kommunane Verjína, Makedonída, Dovrás og Apóstolos Pávlos. Dei fem tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 62 655 innbyggjarar, medan kommunaleininga Véria hadde 46 976 og tettstaden med same namn 42 508 innbyggjarar.[1]
Byar og tettstader
endreDei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|---|
Véria | Véria | 43 158 | 42 508 |
Makrokhóri | Apóstolos Pávlos | 5 189 | 4 870 |
Ájos Jeórjos | Dovrás | 1 763 | 1 474 |
Patrída | Dovrás | 1 492 | 1 314 |
Diavatós | Apóstolos Pávlos | 1 276 | 1 096 |
Verjína | Verjína | 1 242 | 1 096 |
Ajía Varvára | Véria | 896 | 991 |
Kouloúra | Apóstolos Pávlos | 992 | 941 |
Palatítsia | Verjína | 834 | 734 |
Ajía Marína | Dovrás | 864 | 698 |
Rizómata | Makedonída | 816 | 632 |
Rákhi | Véria | 610 | 616 |
Néa Nikomídia | Apóstolos Pávlos | 801 | 607 |
Asómata | Véria | 607 | 551 |
Trílofo | Dovrás | 615 | 522 |
Tripótamos | Véria | 533 | 480 |
Mési | Véria | 568 | 407 |
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (gresk)
Kjelde
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Veria frå Engelsk Wikipedia .