Paulus (daud år 67) var ein romersk jøde, og ein av dei første kristne teologane og misjonærane. Mykje av Det Nye Testamentet er knytt til han og omgangskrinsen hans.

Paulus

Føddca. 5
FødestadTarsus i Mersin
Daudca. 66
DødsstadRoma
Yrkeskribent, teolog, misjonær, geistleg, rabbinar, reisande, handverkar
Helgendag29. juni, 12. juli, 10. februar, 25. januar, 18. november

Paulus vert mest omtala i Apostelgjerningane, og vert frå først av skildra som ein ihuga farisear og motstandarar av dei kristne. Han vart opphavleg kalla Saulus. På veg til Damaskus om lag 40 vart han gripen av eit syn, der Jesus kom til han og slog han blind. Etter denne opplevinga vart han omvendt og døypt, og vart ein ihuga forkjempar for den nye trua.

Ferdene endre

Paulus gjorde fire kjende ferder som misjonær, mellom anna til Athen, Korinth, og kringom i Vesle-Asia. Han rekna det som rett å omvende heidningane, medan dei andre apostlane før han hadde halde seg til jødane. I 58 vart han gripen og sett fast av kongen, men bad om nåde for keisar Nero, og vart send til Roma. Her tok han inn hjå ein familie av gresk-romerske kristne, og heldt fram med å breie ut læra si.

Etter Brannen i Roma i 64 vart han og Apostelen Peter skulda saman med andre kristne for ulukka, og Paulus leid dauden som Martyr i 67.

 
Paulus, av Vittore Carpaccio.

Lære endre

Læra til Paulus kom til å få avgjerande tyding for kristendomen. Han stadfeste tilhøva mellom synd og nåde, og grunnfesta ein dualistisk tenkjemåte som har følgd kyrkja sidan. Dette kjem tydeleg fram i Romarbrevet. Paulus var òg gresk påverka, og mellom anna i Korintarbrevet kan ein finne sterk påverknad frå Platon.

Paulus var ein ihuga brevskrivar, og ein reknar med at om lag halvparten av breva hans er komne bort. Dei som finst, er størstebolken av breva i NT.

Paulus i kulturen endre

Namnet Paulus har gitt opphav til mannsnamnet Pål. Namnet Paulus er kjend frå omgrepet «Pauli ord».

Felix Mendelssohn har skildra Paulus si omvending og forkynning i Oratoriet Paulus.