Opna hovudmenyen
Flyfoto av Vöcklabruck

Vöcklabruck er ein by og ein kommune i Distriktet Vöcklabruck sørvest i forbundslandet Oberösterreich i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 17,4 km² og i kring 12 300 ibuarar. Byen Vöcklabruck er ein sentral forvaltnings-, handels- og skulestad i forbundslandet.

Vöcklabruk ligg 433 meter over havet ved elva Vöckla og hyser den nest største næringsklyngja i Oberösterreich. Etter som kommunen ligg så nær innsjøane i Salzkammergut: Attersee, Mondsee, Traunsee med fleire, finst det flust med overnattingsstader i Vöcklabruck.

KjelderEndra