VH1 (VH-1: Video Hits One fram til 1994) er ein amerikansk kabel-TV-kanal som sender musikk- og livsstilsprogram. Han vart starta i januar 1985 av Warner-Amex Satellite Entertainment, på det tidspunktet del av Warner Communications som òg eigde MTV. Begge kanalane er i dag eigd av Viacom. Kanalen vart oppretta med omsyn på eit eldre publikum enn søsterkanalen MTV.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.