Virtual Network Computing (VNC) er nemninga på eit system for å få tilgang til eit skrivebord på ei tenarmaskin via eit datanettverk. VNC overførar tastetrykk og museklikk frå ei datamaskin til ei anna, og sender eit oppdatert skjermbilete attende.

Windows via VNC på Linux

VNC er plattformuavhengig, ein VNC-klient (kalla VNC-viewer på engelsk) kan koplast til ein VNC-tenar på kva som helst anna operativsystem. Det finst klientar og tenarar for stort sett alle operativsystem, og for Java. Fleire brukarar kan koplast til ein VNC-tenar samtidig. (Dette skil til dømes VNC frå programmet Remote Desktop i Windows der berre eit skrivebord er tilgjengeleg). VNC vert brukt til dømes for å fjernstyre PC-ar eller tenarmaskiner ved ymse teknisk support, eller for å få tilgang til filer på ein PC frå ein annan stad.

Det var AT&T som først utvikla VNC. Koden er open kjeldekode og lisensiert under GNU sin GPL-lisens, så det finst mange versjonar av VNC tilgjengeleg.