VSO-språk
VSO-språk, eller Verb-Subjekt-Objekt-språk, er innanfor lingvistisk typologi gruppa av språk som i nøytrale setningar har verb, subjekt og objekt i nett den rekkjefølgja. «Et eg fisk?» er eit døme på ei VSO-setning på norsk.
Kjende VSO-språk er tagalog og dei øykeltiske språka, som irsk, skotsk-gælisk, walisisk og bretonsk.