Verb
Verb eller gjerningsord er ein ordklasse typisk knytt til noko som skjer, og kan i norsk definerast som ord som endrar form etter kva tidsreferanse setninga har. Verba utgjer ein open ordklasse. I ulike språk kan verba ha ulik form som skil seg etter tid, aspekt, modus og valens; og dessutan kjønn, person og tal i høve til nokre av argumenta sine — slik som subjekt, objekt og anna. Mange verb målber handling (kaste, lesa, vurdere), hending (glitre, hende, rotne) eller eksistens i ein tilstand (vera, finnast, leva, blotne).

Valens endre
Valensen eit verb har målber kor mange rollar (subjekt, objekt, omsynsledd) eit verb kan ha. I norsk reknar vi konvensjonelt med tre typar valens:
Univalente verb endre
Eit univalent verb kan berre ha subjekt, og ikkje nokon type objekt eller omsynsledd:
- Ho spring (vi seier ikkje «ho spring hunden» eller «ho spring hunden trim»)
- Dei datt (vi seier ikkje «dei datt ordføraren» eller «dei datt grannen ei bok»)
Bivalente verb endre
Eit bivalent verb kan ha subjekt og éin type objekt (anten direkte objekt eller omsynsledd):
- Han et fisk (vi kan ikkje seie «han et fisken mat»)
- Vi ser kaninane (vi kan ikkje seie «vi ser kaninane ei gulrot»)
- Ho hjelpte studentane (vi kan ikkje seie »ho hjelpte studentane leksene»)
Trivalente verb endre
Eit trivalent verb kan ha subjekt, objekt og omsynsledd:
- Dei gav kyrne høy
Andre typar valens endre
På nokre språk kan ein ha nullvalente verb — verb der verbet ikkje tek subjekt:
- llueve (spansk) ‘det regnar’.
Verbbøying endre
Verbbøyinga blir delt i finitte og infinitte verbformer, finitte verb er verb som kan danne setningar, mens infinitte verb sjølv er argument for finitte verb. Formelt sett er skilnaden at finitte verbformer er bøygd i modus, mens infinitte ikkje er det.
Finitte verbformer endre
Modus endre
- For meir om dette emnet, sjå modus.
Modus er ein grammatisk kategori som klassifiserer utsegna. Den nøytrale modusen er indikativ. Imperativ blir brukt i befalande setningar, konjunktiv i setningar der talaren vil signalisere at ho ikkje står attom det som blir formidla.
Tid (tempus) endre
Aspekt endre
- For meir om dette emnet, sjå aspekt i grammatikken.
Infinitte verbformer endre
Infinitte verbformer er argument til finitte verbformer. Infinitte verbformer oppfører seg enten som substantiv eller som adjektiv. Den første typen kallast infinitivar (i argumentposisjon) eller eller gerundium (oftast i ikkje-argumentposisjon), den andre partisipp.
Infinitivar endre
Gerundiumsformer endre
Partisippformer endre
Sjå Partisipp