Vadim Sasjurin
Vadim Leonidovitsj Sasjurin (fødd 19. februar 1970) er ein belarusisk tidlegare skiskyttar frå Petrozavodsk som i perioden 1995-2001 tok seks medaljar i ulike verdsmeisterskap i skiskyting. Han vart verdsmeister med Belarus sitt firemannslag i 4 x 7,5 km stafett i 1999, og fekk ytterlegare tre fleire stafettmedaljar. Individuelt tok han bronsmedaljen på 20 km i VM 1996 og sølvmedaljen i same øvinga i 2001.
Vadim Sasjurin | |
Verkeleg namn | Вадзім Леанідавіч Сашурын |
Statsborgarskap | Belarus |
Fødd | 19. februar 1970 (54 år) Petrozavodsk |
Idrett | skiskyting |
Tok del i |
Kjelder endre
- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff endre
- «Vadzim Sashuryn» (på engelsk). olympedia.org.Denne idrettsartikkelen som har med Belarus å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.