Vaktarrest, som på folkemunne vert kalla kakebu, er ein straff som vert nytta i det militære overfor menige og befal som har brote militære disiplinærreglar. Det er vedkomande militære organ som ilegg vaktarrest, som kan vare høgst tjue dagar. Straffa vert fullført som innesperring av den skuldige i eit militært arrestlokale, «kakebua», unntakvis i eit vanleg fengsel. Men ein militær ilagt vaktarrest kan ikkje omgjerast til ei vanleg fengselsstraff.