Fengsel er ei straff der fråteken fridom er det sentrale elementet. Ordet blir òg brukt om lokala eller bygningen der fangane, enten dei er arresterte eller dømde, blir heldt innelåst. Dom på fengselsstraff kan vere fengsel på vilkår, som vil seie at fengselsstraffa ikkje vert gjennomført dersom den straffedømde ikkje bryt straffelova eller særskilde fastsette vilkår i ei fastsett prøvetid, eller fengsel utan vilkår, som vil seie at fengselsstraffa vert sett i verk så snart råd er. Dommen kan òg gå ut på ein kombinasjon av dei to formene. I Noreg er reglane om dette gjeve i § 34 i straffelova frå 2005, der fengsel på vilkår vert kalla «Fullbyrdingsutsettelse (betinget fengsel)».

Det nedlagde fengselet «Presidio Modelo» på Isla de la Juventud (Cuba) kor mellom anna Fidel Castro blei heldt som fange frå 1953 til 1955

Sjå og endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Fengsel