Valbysteinen
Valbysteinen er ein runestein frå Valby i Tjølling i Larvik kommune i Vestfold. Valby ligg ca. to kilometer rett nord for Kaupang, og er kjend for store gravfelt frå jernalderen og steinsetjinga Valbysteinane.
I 1869 vart det funne ein stein med runer i ein gravhaug på Valby. Steinen vart teken hand om av presten, som sørgde for at han vart gjeven til Universitetets Oldsaksamling i 1873.
Innskrifta er ganske kort:
- auarþr faþi hollr
På norrønt vert det:
Hávarđr fađi hollr
På moderne norsk er tolkinga: «Håvard skreiv (runene, i det han var) trufast (dvs. mot den daude)».
Innskrifta skriv seg frå ein gong på 800-talet.
Sjå også
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Valbysteinen» frå Wikipedia på bokmål, den 27. november 2019.
Litteratur
endre- Norges innskrifter med de yngre runer. Norsk historisk kjeldeskrift-institutt. s. 1711ff.