Valdaj (russisk Валда́й) er ein by i Novgorod oblast i Russland med om lag 17 000 innbyggjarar. Han ligg ved Valdajsjøen, rundt 140 km søraust for Novgorod.

Valdaj
Валдай
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til Valdaj
Byvåpenet til Valdaj


Plassering
Valdaj is located in Russland
Valdaj is located in Novgorod oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Novgorod oblast
Først nemnd på
Bystatus
1400-talet
1770
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

17 251
Koordinatar 57°58′N 33°15′E / 57.967°N 33.250°E / 57.967; 33.250
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 81666
Bilnummer 53
Nettstad: valday.com

Historie

endre
 
Det gjenoppbygde Iverskijklosteret.

Busetnaden vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1495 og fekk status som by av Katarina II i 1770, då folketalet i byen var kring 2000. Byen vart det førande senteret for produksjon av klokker i Russland. Det kjende Iverskijklosteret (grunnlagd i 1653) og Uspenskijkatedralen (bygd i 1656) ligg på ei av øyane i Valdajsjøen.

Turisme

endre

Valdaj er eit populært turistmål og ligg i midt i nasjonalparken i Valdajhøgdene. De fleste turistane kjem til innsjøen og byen om sommaren. Valdaj har mange kvileheimar og sanatorium. Det finst mange campingplassar rundt innsjøen.

Kjelder

endre