Novgorod oblast
Novgorod oblast[a] er eit oblast vest i Russland. Novgorod oblast er ei føderal eining i den russiske føderasjonen. Oblastet ligg i det nordvestre føderale distriktet i Russland, mellom Moskva og St. Petersburg. Hovudstaden i oblastet er byen Velikij Novgorod (Store Novgorod). Andre viktige byar er: Borovitsji, Staraja Russa, Valdaj og Tsjudovo.
Novgorod oblast | |||
Новгородская область | |||
oblast | |||
|
|||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Den nordvestlige føderasjonskrets | ||
Hovudstad | Velikij Novgorod | ||
Areal | 54 501 km² | ||
Folketal | 571 447 (1. januar 2024) | ||
Språk | russisk | ||
Tidssone | UTC +3 (MSK) | ||
Bilnummer | 53 | ||
Novgorod oblast 58°26′00″N 32°23′00″E / 58.433333333333°N 32.383333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Novgorod Oblast |
Flatevidda er 54 501 km². I 2021 var folketalet 592 415, ned frå kring 753 000 i 1989. Det store fleirtalet av folket er etniske russarar, 88,4 % ved folketeljinga i 2010. Den største minoritetsgruppa var ukrainarar (1,1 %).[1]
Geografi
endreNovgorod oblast grensar til Leningrad oblast i nordvest og nord, Vologda oblast i aust, Tver oblast i sør og søraust og Pskov oblast i sørvest.
Den vestlege delen er lågland kring Ilmensjøen, medan resten er høgland (ein del av Valdajhøgdene). Det høgaste punktet er Ryzjokha (296 moh).
Tidssone
endreNovgorod oblast har Moskvatid (MSK/MSD). I høve til UTC er avviket +0300 (MSK)/+0400 (MSD).
Merknader
endreKjelder
endre- ↑ "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010