Valderhaugen
Valderhaugen også kalla Kongshaugen ligg på Jangarden på Valderøya. Kongshaugen er ei stor røys med tverrmål på heile 42 meter og er 3 meter høg. Haugen er bygd av fjørestein på ei myr. I dag er det lite igjen av haugen.
Funn i Kongshaugen:
- Restane etter ein båt, kjend som Valderøybåten.
- Bronsekjel og lokkjel
- Brende bein
- Gullring, 165 g.
- Delar av ein beinkam
- Terningsspel
- Bronsestang
- Firkanta spenne
- Bjørneklør
- Leirkarskår