Valderøya

(Omdirigert frå Valderøy)

Valderøya er ei øy i Giske kommuneSunnmøre.

Valderøya
Geografi
Stad Sunnmøre
Koordinatar 62°30′48″N 06°07′16″EKoordinatar: 62°30′48″N 06°07′16″E

Areal 6,5 km²

Høgaste punkt Signalen (231 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Største busetnad Valderhaug og Valderhaugstrand

Demografi
Folketal 3345 (2008)
Folketettleik 489 /km²

Med 3 345 innbyggjarar (2008) er øya den mest folkerike i kommunen. Her ligg kommunesenteret Valderhaugstrand, sør på øya. Andre viktige tettstader er Nordstrand i aust og Skjong i sørvest. Fiske og fiskeforedling, tenestyting og mekanisk industri er dei viktigaste næringsvegane. Rådhuset i Giske kommune ligg på Valderøya.

Geografi endre

Valderøy har ein flatevidd på 6,5 km² og er berglendt. Øya har brusamband til Vigra over Gjøsund og til øya Giske over Staursundet. Valderøytunnelen utgjer eit undersjøisk tunnelsamband til Ellingsøy som går vidare til Ålesund.

Historie endre

Dei viktigaste historiske stadene på øya er Skjonghellaren, ei hole i fjellet med spor etter busetjing frå yngre jernalder, og Valderhaugen, der ein har funne dei eldste båtrestane i Norden.

Valderøy kyrkje er ei betongkyrkje frå 1961.

Bakgrunnsstoff endre