Valerij Gopin
Valerij Pavlovitsj Gopin (fødd 8. mai 1964) er ein russisk tidlegare handballspelar frå Seltso i Brjansk oblast. Han vart olympisk meister 1988 og 1992 for Sovjetunionen, verdsmeister 1993 og 1997 for Russland og europameister 1996 med same landslaget. Fekk også med seg to-VM-sølv og eitt EM-sølv. Han deltok i 187 landskampar for Sovjetunionen og Russland.
Valerij Gopin | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
Fødd | 8. mai 1964 (60 år) Seltso |
Idrett | handball |
Tok del i | Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988 |
Utmerkingar | Idrettens mester i Sovjetunionen |
Gopin var venstrekant i Lokomotiv Tsjeljabinsk i ti år fram til 1991. Deretter var han i tre sesongar aktiv i Spania og sidan to i Italia. Frå 1996 gjorde han teneste i fire ulike klubblag i Tyskland, før han reiste tilbake til italienske Meran. Han la opp i 2003.
Merittar
endre- OL-gull: 1988 og 1992
- VM-gull: 1993 og 1997
- EM-gull: 1996
- VM-sølv: 1990 og 1999
- EM-sølv: 1994
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Waleri Pawlowitsch Gopin» frå Wikipedia på tysk, den 24. november 2022.