Van Keulenfjorden
Van Keulenfjorden er ein fjordarm på sørsida av Bellsund på Spitsbergen. Fjorden strekkjer seg om lag 35 km søraustover til munningen av Nathorstbreen.
I tillegg til Nathorstbreen munnar Doktorbreen og Penckbreen ut i fjorden. Like vest for munningen av Van Keulenfjorden ligg Recherchefjorden. Fjorden ligg mellom Nathorst Land i nord og Wedel Jarlsberg LAnd i sør. Den nordlege grensa til Sør-Spitsbergen nasjonalpark går langs midten av Van Keulenfjorden.