Nathorstbreen
isbre på Spitsbergen, Svalbard
77°20′N 16°26′E / 77.333°N 16.433°E
Nathorstbreen er ein isbre på Spitsbergen på Svalbard. Breen munnar ut i Van Keulenfjorden. Breen er samansett av ei rad småbrear: Zawadskibreen, Kuvbreen, Polakkbreen, Kamryggbreen, Blankfjellbreen, Dominantbreen, Besshøbreen, Dobrowolskibreen, Kjosfonn og Knokisen, og ligg nordaust i Wedel Jarlsberg Land og vest i Torell Land.
Breen har namn etter professor Alfred Gabriel Nathorst (1850-1921), ein svensk polarforskar som leidde ekspedisjonar til Svalbard i 1870, 1882 og 1898.
Kjelder
endre- The Place Names of Svalbard, Norsk polarinstitutt rapport 122 (2003) ISBN 82-7666-194-7