Vanessa Hudgens

Vanessa Anne Hudgens (fødd 14. desember 1988) er ein amerikansk songar og skodespelar. Ho debuterte i 2003 og var med i Hollywood-filmane Thirteen og Thunderbirds før ho vart kjend i 2006 i Disney Channel-filmen High School Musical. Hudgens byrja som songar, og lanserte debutalbumet V, i 2006. I 2007 vart ho modell for Neutrogena.

Vanessa Hudgens
Vanessa Hudgens - 2019 by Glenn Francis.jpg
Fødd14. desember 1988
FødestadSalinas i California i USA
FødenamnVanessa Anne Hudgens
AliasVanessa Hudgens
Aktive år1998–
Verka somskodespelar, songar, modell, musikar, filmskodespelar, fjernsynsskodespelar, teaterskodespelar, plateartist
SambuarAustin Butler, Zac Efron, Cole Tucker
Kjende rollerGabriella Montez i High School Musical

BiografiEndra

Vanessa Anne Hudgens vart fødd 14. desember 1988 i Salinas i California. Ho har ei yngre syster, Stella Teodora Hudgens, som også er skodespelar. Foreldra heiter Greg Hudgens og Gina Guangco Hudgens. Vanessa Hudgens har sagt om anane sine: «Eg er mest filippinsk og amerikansk, men eg er også spansk, kinesisk og irsk». Den profesjonelle karrieren hennar starta då ho var åtte år, og sidan har Hudgens vore med i fleire produksjonar som Carousel, The Wizard of Oz, The King and I, The Music Man og Cinderella. Etter å ha fått ein plass i ein reklameproduksjon flytta ho og familien til Los Angeles. Ho er gode venner med andre kjendisar som Miley Cyrus, Alexa Nikolas og bestevennen Ashley Tisdale. Ho var tidlegare forlova med motspelar Zac Efron.

KjelderEndra