Vangen kyrkjesokn
- For Vangen på Voss, sjå Vossavangen
60°54′23″N 7°11′16″E / 60.90639°N 7.18778°E
Vangen er eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Soknet har ei kyrkje, Vangen kyrkje som truleg er frå 1200-talet.[1] Kyrkja står på Aurlandsvangen og er hovudkyrkje i kommunen. Vangen er ikkje nemnd i Bjørgvin Kalvskinn frå 1300-talet, då det vart Rygg som vart nytta som namn på soknet. På Rygg, litt oppom Vangen, stod det i mellomalderen ei stavkyrkje. Vangen finn ein omtala ved namn i kjeldene først i 1498, men ei truleg forklåring på det kan vere at ein fortsette å bruke Rygg som namn på soknet også etter at ein byrja å bruke Vangen kyrkje som soknekyrkje.[2]
Fotnotar
endre- ↑ Torkjell Djupedal og Sigurd Vengen: «Vangen kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- ↑ Øystein Ekroll, Morten Stige, Jiri Havran: Middelalder i stein 1. band i serien Kirker i Norge, Oslo 2000, ISBN 82-91399-09-3