Vanguard 2 er ein amerikansk satellitt. Han vart skoten opp 18. september 1959 frå Cape Canaveral med ein Vanguard-rakett.

Kopi av Vanguard 3
Teikning av Vanguard 3
Oppskytinga av Vanguard 3

Satellitten hadde som mål å måla magnetfeltet til jorda, røntgenstrålinga frå sola og kva verknad denne hadde på jordatmosfæren og mikrometeorittmiljøet nær jorda. Mellom instrumenta var eit protonmagnetometer, røntgenstråleioniseringskammer og ymse mikrometeorittdetektorar. Satellitten var utforma som ei magnesiumkule med ein diameter på 50,8 centimeter. Han vog 22,7 kilogram.

Datasendingar frå sonden stogga 11 desember 1959 etter 84 dagar i verksemd. Dataa som vart samla inn gav ei grundig undersøking av magnetfeltet til jorda, gav ei nedre grense på Van Allen-strålingsbelta og gav ei teljing av kollisjonar med mikrometeorittar.

Vanguard 3 har ei venta banelevetid på 300 år.

Kjelder

endre