Vardøtunnelen
tunnel i Noreg
Vardøtunnelen er ein 2 892 meter lang undersjøisk vegtunnel under Bussesundet på europaveg 75 i Vardø kommune i Finnmark, mellom Svartnes på fastlandet og Steilneset på Vardøya. Tunnelen er byen Vardøs vegsamband til fastlandet. Det lågaste punktet i tunnelen ligg 88 meter under havet, og største stigninga er 8 %.
![]() | |
Lengd | 2 892 meter |
---|---|
Trafikk | 878 (2024)[1] |
Opna | 16. august 1983 |
![]() Vardøtunnelen 70°21′36″N 31°04′15″E / 70.36°N 31.070833°E |
Bygginga tok til i 1979, og tunnelen vart teke i bruk den 22. desember 1982 som den fyrste undersjøiske tunnelen i Noreg. Tunnelen vart offisielt opna 16. august 1983 av kong Olav V.
Kjelder
endre- ↑ «Trafikkdata Ev75 Svartnes». Statens vegvesen.