Stora Vardøyna
øy i sjø
(Omdirigert frå Vardøyna)
Stora Vardøyna er ei øy sørvest i Øygarden kommune i Vestland fylke. Gardsbruket på øya heiter Vardøyna, og i daglegtale vert namnelekken «Store» ikkje brukt, men på kartverket sine kart heiter øya «Stora Vardøyna», medan den mindre «Litla Vardøyna» ligg i vest. På gamal dialekt sa dei «Varna» eller «Varena». Øya er skilt frå Vikso og Toftarøyna i aust av Toftosen og er veglaus. Høgste punktet på øya er Loshyttehaugen, 49 meter over havet. I 2011 var det éin fastbuande på øya.
Stora Vardøyna | |||
øy | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland fylke | ||
Kommune | Øygarden kommune | ||
Stora Vardøyna 60°10′34″N 5°00′28″E / 60.17611°N 5.00786°E |
Stora Vardøyna var truleg busett før Svartedauden, men låg så lenge aude. Første kjelde som nemner busetjing på øya er frå 1522. Ved midten av 1900-talet vart skulen på øya lagt ned, og fråflyttinga skaut fart.
Folketalsutvikling:
1801[1] | 1900[2] | 2000[3] |
---|---|---|
12 | 35 | 1 |
Kjelder
endre- Arne Asphaug, Bygdebok for Vardøy (Sund kommune, 2000)
- ↑ Folketeljing 1801 for Sund prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Sund herred, frå Digitalarkivet
- ↑ Arne Asphaug, Bygdebok for Vardøy (Sund kommune, 2000)