Øygarden kommune
- Denne artikkelen handlar om kommunen i Noreg. For øygruppa i Antarktis, sjå Øygarden i Antarktis.
Øygarden er ein øykommune utanfor Bergen i Vestland fylke. Øygarden er ein kystkommune med ca. 4500 innbyggjarar. Kommunen vart oppretta i 1964 av gamle Hjelme kommune og delar av Herdla herad. Den 1. januar 2020 slo Fjell, Sund og Øygarden kommunar seg saman, og heldt på namnet Øygarden. Om lag 450 øyar, holmar og skjer utgjer kommunen.
Øygarden kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Straume | ||
Areal | 314,51 km² | ||
- land | 300,34 km² | ||
- vatn | 14,17 km² | ||
Folketal | 39 368 (1. januar 2023) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Tom Georg Indrevik (H) | ||
Kommunenr. | 4626 | ||
![]() Øygarden kommune | |||
Wikimedia Commons: Øygarden | |||
Nettstad: www.oygarden.kommune.no | |||
Dei største, bebudde øyane er, frå sør til nord: Toftøy, Rongøy, Blomøy, Oøy (Oen), Alvøy og Hellesøy.
På ei av desse øyane, Oøy, også kalla One ligg Kollsnes og bygdene Oen og Breivik.
Historie endre
Saman med Askøy toppar Øygarden statistikken over dei raskast veksande kommunane i Hordaland. Innbyggjartalet auka med 2,6 prosent i 2005.
Kultur endre
Kystmuseet i Øygarden og Nordsjøfartmuseet i Tælavåg i Sund gjev saman ut tidskriftet Havstrilen.
Idrett endre
Øygarden Fotballklubb spelar fotball i 1. divisjon, OBOS-ligaen (2020).
Folk frå Øygarden endre
- Johannes Kleppevik (1947–2001), trubadur
- Andreas Takvam, volleyballspelar
- Anita Apelthun Sæle (f. 1951), stortingsrepresentant (KrF) for Hordaland 1993-2005
- Lars Arne Nilsen (f. 1964), fotballtrenar for Brann
- Ove Trellevik (f. 1965), stortingspolitikar for Høgre
- Alexander Dale Oen (1985–2012), verdsmeister i svømming
- Jakob Glesnes, fotballspelar
- Preben Fjell, youtuber
- Susanne Glesnes, sandvolleyballspelar
- Tim-Robin Lihaug, boksar
- Trine Eilertsen, sjefredaktør i Bergens Tidende 2008-12, politisk redaktør i Aftenposten frå 2014
Kjelder endre
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff endre
- Øygarden. Store norske leksikon
- Øygarden kommune
- Kystmuseet i Øygarden Arkivert 2009-05-30 ved Wayback Machine.
- Vestnytt, lokalavis for Fjell, Sund og Øygarden
Litteratur endre
- Sjursen, Jahn Alfred: Ættebok for Nordre Øygarden', Bergen 1983.
- Sjursen, Jahn Alfred: Ættebok for Herdlevær, Breivik, Oen, Rosnæs, Dalsnæs, Blom, Sæle, Bergen 1981.
- Sjursen, Jahn Alfred: Ættebok for Ulvsøy, Rong, Torsvik, Toftevåg, Toft, Vik, Bergen 1981.
- Sjursen, Jahn Alfred: Ættebok for Blomvaag, Bergen 1980.