Variasjonsdiagram

Eit variasjonsdiagram er eit diagram som viser den kjemiske variasjonen i ein magmatisk bergartsserie. Diagrammet får ein fram ved til dømes å plotte vektprosent av eit oksid av eit hovedgrunnstoff (til dømes Na2O, CaO, Al2O3) mot vektprosent av silika (SiO2). Slike diagram vert nytta for å vise det genetiske slektskapet mellom bergartene, og klargjere eventuelle prosessar som har påverka bergartsserien.

Kjelder

endre