Variole er eit nøttestort, kuleforma krystallaggregat, som finst i einskilde basiske bergarter, særleg basaltar. Aggregatet er bygd opp av krystallnåler i radiær anordning. Den tilsvarande teksturen blir kalla variolittisk.

Variolestein funnen på Olympic-halvøya i Washington

Sjå òg endre

Kjelder endre

  • «Variole». Store norske leksikon. 20. oktober 2011. Henta 1. desember 2013.