Vassfjellet skisenter
Vassfjellet skisenter er eit alpinsenter som ligg i Trondheim kommune (tidlegare i Klæbu kommune) i Trøndelag, på austsida av Vassfjellet. Senteret ligg om lag 8 km sør for bygrensa til Trondheim.
Vassfjellet skisenter | |||
Vassfjellet skisenter 63°15′56″N 10°24′04″E / 63.26568°N 10.40119°E |
---|
Vassfjellet skisenter har 7 skiheisar, 12 nedfartar[1] og ei total fallhøgd på 460 m. Her er også kafé, utleige av ski, skiservice og skiskole.[2]
Alpinsenteret opna for første gong i 1984.[3] Sportsklubben Freidig kjøpte senteret og tok over drifta i 2018.[4]
Kjelder
endre- ↑ «Vassfjellet - Hele byens fristed», Vassfjellet (på norsk bokmål), henta 16. desember 2022
- ↑ «Informasjon om Vassfjellet skisenter». Skiinfo.no. Henta 21. januar 2014.
- ↑ «Vassfjell Skisenter – tilblivelse og de første driftsår» (PDF). Klæbu Historielag Årsskrift 2012. s. 6.
- ↑ «Vassfjellet vinterpark | Gode idrettsanlegg», www.godeidrettsanlegg.no, henta 16. desember 2022