Vasshjula i Hama
Vasshjula i Hama, kjende som noria, er ein 17 historiske vasshevingmaskinar langs Orontes-elva i byen Hama i Syria. Dei er høge vasshjul med innbygde vassamlingboksar langs kantane. Når elva flyt blir desse boksane drivne under vatnet, der dei raskt blir fylde, og blir deretter dytta opp til toppen av hjulen, der dei blir tømde i ein akvedukt. Akvedukten kan føra vatnet til bygningar, hagar og jordbruksmark.
Det er att 17 av dei opphavlege vasshjula i Hama. Dei peiker seg ut med det store talet sitt, opphavet frå mellomalderen og for den enorme storleiken på to av dei – i nesten 500 år var dei høgaste vasshjula i verda. Vasshjula blir ikkje lenger bruka til å sanka vatn, men er døme på avansert vasteknologi i det muslimske mellomaldersamfunnet. Namnet «noria» tyder noko slikt som ‘jammer’, og visertil dei kvinande, noko musikalske lydane dei lagar når dei går rundt.[1]
Det er sterkt grunnlag for å tru at mange vasshjul var verksame i Hama i det minste på 1100-talet.[2][3] Ein kjenner spesifikke datoar for dei to særleg store noriane frå innskrifter: Noria al-Muhammadiya blei skapt i 1361 og Noria al Ma'muriyya i 1453.[4]
Kjelder
endre- ↑ Samman, Mahmod (2006) Noria al-Muhammadiya: Historic Mechanical Engineering Landmark. American Society of Mechanical Engineers
- ↑ ‘The Water Wheels of Hama’, Historical Knowledge, National Museum of Denmark
- ↑ Hafian, Waal ‘Norias of Hama’ in Discover Islamic Art, Museum With No Frontiers, 2021.
- ↑ Samman, Mahmod (2006) Noria al-Muhammadiya: Historic Mechanical Engineering Landmark. American Society of Mechanical Engineers. pp. 5, 7
- Denne artikkelen bygger på «Norias of Hama» frå Wikipedia på engelsk, den 27. desember 2024.