Hama
حماة
by
Hama
Land  Syria
Guvernement Hama
Distrikt Hama
Nahiyah Hama
Koordinatar 35°08′N 36°45′E
Folketal 312 994  (2004)[1]
Retningsnummer 33
Kart
Hama
35°7′0″ N 36°45′0″ E
Wikimedia Commons: Hama
Nettstad: http://www.ehama.sy/

Hama (arabisk حماة,, i Bibelen kalla Ḥamāth som tyder «festning») er ein by ved breidda av Orontes vest i det sentrale Syria. Han ligg 213 km nord for Damaskus og 46 km nord for Homs. Han er provinshovudstaden i Hama guvernement. Med eit folketal på 854 000 (2009), er Hama den fjerde største byen i Syria etter Aleppo, Damaskus og Homs.[2][3]

Byen er kjend for dei sytten noriaene som vert nytta for å vatne hagane, og som vert hevda å vere daterte til 1100 fvt. Sjølv om dei historisk sett vart nytta til kunstig vatning, er noriaene i dag mest til pynt.

I dei siste tiåra har byen Hama vorte kjend som eit senter for anti-Ba'ath-rørsler i Syria, mellom anna Muslimsk Brorskap. Byen vart angripe av den syriske hæren under det islamske opprøret i 1964, og vart åstad for eit blodbad under det islamske opprøret i Syria i april 1981 og særskild i 1982, då nesten 25 000 menneske vart drepne i det som vart kjent som Hama-massakren. Byen vart igjen åstad for strid mellom det syrisk forsvaret og motstandsstyrkar, som ein av hovudarenaene under den syriske borgarkrigen i 2011 og 2012.

Historie endre

Antikken endre

Ein allé i Gamle Hama

Den gamle busetnaden Hamat var busett frå tidleg yngre steinalder til jarnalderen. Staden ligg innanfor ein krapp sving i Orontes, som var relativt lett å forsvare, og var det første senteret i byen. Seinare voks byen utanfor denne svingen og haugen vart det militære senteret i Hama.[4] Restar frå koparsteinalderen er grave fram av danske arkeologar frå haugen der den første festninga stod.[4] Utgravinga fann stad mellom 1931 og 1938 leia av Harald Ingholt. Stratigrafien er særs generalisert, noko som gjer detaljerte samanlikningar med andre stader vanskeleg. Lag M (6 meter tjukt) inneheld både kvit kalkgips og ekte keramikk. Han kan ha eksistert samstundes med Ras Shamra V (6000–5000 fvt.). Over dette ligg laget L som er datert til koparsteinalderen og Halaf-perioden.

Amoritt-tida og Mitanni endre

Amorittane koloniserte området på 2000-talet fvt. Amorittane kom frå Mari ved Eufrat, kring 400 km aust for Hama, og dei koloniserte mange delar av det som i dag er Syria og Irak.[4]

Sjølv om byen ikkje er nemnt i kileskriftskjelder før det først tusenåret fvt.,[5] verkar staden å ha nytt stor velstand kring 1500 fvt., då det truleg var underlagt Mitanni, eit rike langs Eufrat nordaust i Syria.[4] Mitanni vart sidan styrta av hettittane, som kontrollerte heile det nordlege Syria etter det kjende slaget ved Kadesh mot egyptarane under Ramses II nær Homs i 1285 fvt.

Tidleg på 1800-talet vart Burckhardt den første til å oppdage hettitiske eller anatoliske hieroglyfar i Hama.[6]

Staden syner òg assyrisk og arameiske busetnader.[4]

Ny-hettittane endre

Då tusenåret gjekk mot slutten hadde det sentraliserte, gamle hetittiske riket falle, og Hama vart hovudstad i eit blømande arameisk ny-hetittisk kongedøme kjent frå Bibelen som Hamat (arameisk: Ḥmt; hetittisk: Amatuwana;[5] hebraisk: חֲמָת, Ḥmṯ), som dreiv mykje handel, særleg med Israel og Judea.[7] Dei arameiske og hetittiske folka levde forholdsvis fredfult saman, og sameksisterte i lag med andre statar i regionen, som Karkemisj.[4] Den viktigaste av alle dei arameiske statane var Damaskus, som vart leiaren i ein føderasjon av arameiske statar, der Hamat var eit medlem. Gradvis vart arameisk det mest brukte språket i Det nære austen.

Assyriske inskripsjonar endre

Då den assyriske kongen Shalmaneser III (858-824 fvt.) erobra det nordlege Syria, nådde han Hamat (assyrisk: Amat eller Hamata)[5] i 835 fvt. Dette markerer starten på assyriske inskripsjonar knytte til kongedømet.[8] Irhuleni av Hamat og Im-idri av Aram (i Bibelen Bar-Hadad) leia ein koalisjon av syriske byar mot dei inntrengande assyriske armeane. I følgje assyrisk kjelder vart dei møtt av 4 000 stridsvogner, 2 000 menn til hest, 62 000 fot soldatar og 1 000 arbarar på kamel i slaget ved Qarqar. Den assyriske sigeren verkar å ha vore meir uavgjort, sjølv om Shalmaneser III heldt fram til kysten og sjølv tok eit skip til open sjø. I dei neste åra mislukkast Shalmaneser III å erobre Hamat eller Aram. Då Shalmaneser III døydde vart Hamat og Aram fiendar og Aram ser ut til å ha teke noko av området til Hamat.

Ein arameisk inskripsjon frå Zakir, som var konge over både Hamat og La'ash, fortel om eit åtak av ein koalisjon som omfatta Sam'al under Ben-Hadad III, sonen til Hasael, kongen av Aram. Zakir vart kringsett i festninga si i Hazrak, men vart redda av Be'elschamen. Seinare vart Ja'udi-Sam'al herskar over både Hamat og Aram.

I 743 fvt. tok Tiglath-Pileser III fleire byar i området til Hamat, og fordelte områda mellom generalane sine og tvang 1223 utvalde innbyggjarar til den øvre Tigrisdalen. Han inndreiv skattar frå kongen til Hamat, Eni-Îlu (Eniel).

I 738 fvt. var Hamat lista blant byane som igjen vart erobra av assyriske soldatar. Over 30 000 innbyggjarar vart deporterte til Ullaba og erstatta med fangar frå Zagros.[5]

Etter fallet til det nordlege kongedømet Israel, leia kongen av Hamat, Ilu-Bi'di (Jau-Bi'di) eit mislukka opprør mot dei nyorganiserte assyriske provinsane Arpad, Simirra, Damaskus, og Samara. Det var dette opprøret som førte til deporteringa av Dei ti tapte stammene i Israel.

Øydelegging under Sargon II endre

Med kallenamnet «øydeleggjaren av Hamat», raserte Sargon II byen kring 720 fvt.,[9] og busette byen med 6 300 assyrarar og fjerna kongen for at han skulle flåast levande i Assyria.[5] Han tok òg dei elfenbeinskledde møblane til kongane med seg til Nimrud[10]

Erobringa av Det nyassyriske riket strekte seg etter kvart over det meste av Det nære austen opp til kysten av Middelhavet. Men riket deira fall då ein alliert armé av babylonarar og mederar i 612 erobra Nineveh, den assyriske hovudstaden. Assyrarane vart ei kort stund erstatta av babylonarar som herskarar av Syria, men kring 540 vart Hama, som resten av Syria, ein del av Det persiske riket.[11]

Hama i Bibelen endre

Dei få bibelske rapportane seier at Hamat var hovudstaden i eit kanaanittisk kongedøme (1 Mos 10,18; 2 Kong 23,33; 25,21), der kongen gratulerte kong David med sigeren over Hadadezer, kongen av Zobah (2 Sam 8.9-11; 1 Krøn 18,9-11). Det verkar som om Salomo tok over Hamat og områda kring og bygde store byar.[12] Nederlaget til Assyria for Hamat gjorde stort inntrykk på Jesaja.[13] Profeten Amos kalla byen «Hamat den store».[14] Namnet verkar å kome frå det fønikiske khamat, som tyder «fort».[15]

Hellenistisk og romersk tid endre

På andre halvdelen av 300-talet fvt. kom den moderne regionen Syria under gresk-romersk kultur, etter ein langvarig periode med semittisk og persisk kultur. Felttoget til Aleksander den store frå 334 til 323 fvt. førte Syria under hellensk styre. Sidan landet låg langs handelsruta frå Asia til Hellas, voks Hama, og mange andre syriske byar, seg rike gjennom handel. Då Aleksander den store døydde vart erobringane hans i Det nære austen delt mellom generalane hans, og Selevkos I Nikator vart herskar i Syria og grunnleggjar av Selevkide-dynastiet. Under selevkidane gjekk det betre med Hama. Aramearane fekk lov å vende attende til byen, som fekk namnet Epifania[5] (på gresk Επιφανεία), etter den selevkidske keisaren Antiokiaus IV Epifanes. Det gjekk nedover med styret til selevkidane i løpet av dei neste to hundreåra og arabiske dynasti byrja å få kontroll over byane i denne delen av Syria, inkludert Hama.[11]

Romarane tok over dei opphavlege busetnadane, som Hama, og gjorde dei til sine eigne. Dei møtte lite motstand då dei invaderte Syria under Pompeius og annekterte området i 64 fvt., der Hama vart ein del av den romerske provinsen Syria, styrt frå Roma av ein prokonsul. Hama var ein viktig by i den greske og romerske tida, men særs få arkeologiske spor er att.[11]

I 330 evt. vart hovudstaden i Romarriket flytta til Byzantium, og Hama fortsette å bløme. I dei bysantinske dagane vart Hama kalla Emath eller Emathoùs (Εμαθούςgresk). Det romerske styret frå Byzantium tydde at kristendomen vart forsterka i Det nære austen, og det vart bygd kyrkjer i Hama og andre byar. Den bysantinske historikaren Johannes frå Epifania var fødd i Hama på 500-talet.[11]

Muslimsk styre endre

Nur al-Din-moskeen

Under den muslimske erobringa av Syria på 600-talet vart Hama erobra av Abu Ubaidah ibn al-Jarrah i 638 eller 639 og byen fekk attende det gamle namnet sitt, og har hatt dette namnet sidan. Etter erobringa vart han ein del av Jund Hims fram til slutten av styret til umayyadane på 800-talet.[16] Umayiadane bygde Den store moskeen i Hama tidleg på 700-talet med Omajademoskeen i Damaskus som modell.[11]

Den arabiske geografen al-Muqaddasi skreiv at Hama vart ein del av Jund Qinnasrin under abbasidane.[17] Sjølv om byhistoria er uklår på denne tida, er det kjent at Hama var ein kjøpstad med bymurar med ein ring av kringliggande byar. Han kom under hamdānidane frå Aleppo på 900-talet og vart styrt frå Aleppo fram til 1100-talet.[16] Dette vert rekna som dei «mørke åra» i Hama sidan lokale herskarar i det nordlege og sørlege Syria kjempa om makta i regionen. Bysantinarane under keisar Nikeforos Fokas plyndra byen i 968 og brende ned den store moskeen. På 1000-talet fekk fatimidane makt over det nordlege Syria og i denne perioden plyndra mirdasidane Hama.[16] Den persiske geografen Nasir Khusraw skreiv i 1047 at Hama var «godt folkesett» og låg ved breidda av Orontes.[18]

Tankred, prinsen av Galilea erobra byen i 1108, men i 1114 mista krossfararane byen til seldsjukkane. Eit jordskjelv i 1157 la byen i ruinar.[19] Dei neste seksti åra prøvde fleire herskarar å ta byen.Nur al-Din, sultanen frå zangidene, reiste ein moske med ein høg, firkanta minaret i byen i 1172.[20] I 1175 vart Hama teken frå zangidane av Saladin. Han gav byen til nevøen sin, al-Muzaffar Umar, fire år seinare, og la han under styret til familien sin, Ajjubide-dynastiet. Dette førte til ein periode med stabilitet og velstand i Hama sidan Ajjubide-dynastiet varte heilt fram til 1342.[16] Geografen Yaqut al-Hamawi, som var fødd i Hama, skildra han i 1225 som ein stor by kringsett av sterke bymurar.[21] Hama vart plyndra av mongolane i 1260, som dei fleste syriske byane vart, men mongolane vart slått same året og så igjen i 1303 av mamelukkane som tok over etter Ajjubide-dynastiet som herskarar i regionen.[11] Hama vart ei kort stund under mamelukkane sin kontroll i 1299 då guvernøren al-Mansur Mahmoud II døydde. I motsetnad til andre tidlegare byar under Ajjubide-dynastiet, sette mamelukkane inn ein herskar frå Ajjubide-dynastiet att i Hama ved å gjere Abu al-Fida, historikaren og geografen, til guvernør i byen og han regjerte frå 1310 til 1332.[16] Han skildra byen sin som «særs gammal... nemnd i boka til isralittane. Det er ein av dei mest behagelege stadane i Syria».[22] Etter han døydde tok sonen hans al-Afdal Muhammed over, men han vart etter kvart avsett av mamelukkane. Slik vart Hama direkte underlagt mamelukkane.[16]

Hama voks seg rik under Ajjubide-dynastiet og fortsette velstanden under mamelukkane. Han voks gradvis til begge sider av Orontes, der forstadane på høgresida var knytte til sjølve byen med ei nybygd bru. Byen på venstresida var delt inn i ein øvre og nedre del, kvar omgjeve av ein bymur. Byen var fylt med palass, marknader, moskear, madrasaer og eit sjukehus, og over tretti forskjellige noriaer (vasshjul). I tillegg låg det ein massiv citadell i Hama.[16] Det var under mamelukkane at mange av noriaene, som først vart bygd under Ajjubide-dynastiet, vart overhalt og forstørra, og det vart bygd fleire av dei. I dag finst berre 17 noriaer att, men ingen av dei er i bruk. Akvedukter og andre kanalsystem vart bygde for å ta vatn frå elva og vatne marker i nærleiken.[11] Ei spesiell akvedukt førte drikkevatn til Hama frå nabobyen Salamiyah.[16]

Ibn Battuta vitja Hama i 1335 og skreiv at Orontes gjorde byen «behageleg å leve i med mange hagar fulle av tre og frukt.» Han skreiv òg om ein stor forstad kalla al-Mansuriyyah (kalla opp etter ein emir i Ajjubide-dynastiet) som hadde «ein fin marknad, ein moske og bad.»[22] I 1400 erobra Timur Lenk Hama, i lag med nærliggjande Homs og Baalbek.[23]

Osmansk styre endre

Azempalasset i Hama vart bygd i 1742.

Den velståande perioden under mamelukkane tok slutt i 1516, då osmanske tyrkarar erobra Syria frå mamelukkane etter å ha slått dei i slaget ved Marj Dabiq nær Aleppo. Hama, og resten av Syria, kom under osmanske styre frå Konstantinopel.[24] Under osmanarane vart Hama gradvis meir viktig i den administrative strukturen av regionen. Han vart først hovudstad i ein liwa («distrikt») i vilajet («provins») Tripoli.[16] Hama vart igjen eit viktig senter for handelsruter som gjekk aust frå Middelhavet til Asia. Fleire khanarkaravanseraiar») vart bygd i byen, som Khan Rustum Pasha, datert til 1556. Syria vart seinare delt inn i tre guvernement og Hama vart styrt av guvernøren i Aleppo.[24]

På 1700-talet vart han ein del av området til guvernøren i Damaskus.[16] Guvernørane i Damaskus var på denne tida azemar, som òg styrte andre delar av Syria, for osmanarane. Dei reiste overdådige bustader i Hama, som Azempalasset og Khan As'ad Pasha som vart bygd av As'ad Pasha al-Azem, som styrte Hama i mange år fram til 1742.[24] På den tida var det 14 karavanseraiar i byen, hovudsakleg nytta for lagring og fordeling av frø, bomull, ull og andre varer.[25] Etter å ha vedteke vilajet-lova i 1864, vart Hama hovudstaden i Hama sanjak (og byen fekk meir administrativ makt), som var ein del av det større Sham vilajet.[16]

Kolonistyre og sjølvstende endre

Utsyn over byen
Klokketårnet i Hama.

Det osmanske styret enda i 1918, då dei var på den tapande sida i fyrste verdskrigen. Hama vart ein del av det franske mandatet i Syria. På den tida hadde Hama utvikla seg til det han er i dag: ein mellomstor provinsby, eit senter for jordbruket i området med mykje korn, bomull og sukkerroer. Han vart berykta som ein stad der bønder arbeidde på store eigedomar eigd av nokre få magnatfamiliar.

Under det franske mandatet bestod distriktet Hama av kommunen Hama og 114 landsbyar. Eit estimat frå 1930 synte at berre fire av desse landsbyane var eigde direkte av lokale bønder, medan to landsbyar var delte mellom bøndene og ein rik familie. Resten av eigd av ein elite av landeigarar.[26] Frå seint i 1940-åra byrja ein stor strid mellom landeigarane og bøndene, som ønskte reformer i Hama.

Syria fekk fullt sjølvstende frå Frankrike i 1946. Akram al-Hawrani, eit medlem av ein fattig, kjend familie i Hama, byrja å agitere for jordreformer og betre sosiale tilhøve. Han gjorde Hama til basen for hans Arabisk sosialistparti, som seinare fusjonerte med eit anna sosialistisk parti, Ba'ath. Dette partiet steig til makta i 1963 og signaliserte slutten på makta til landeigareliten.

Ba'athist-styret 1963 til i dag endre

Politisk opprør av sunniislamistiske grupper, særleg Muslimsk brorskap, gjekk føre seg i byen, som fekk rykte for å vere ei høgborg for konservativ sunniislam. Så tidleg som våren 1964 var Hama sentrum i eit opprør av konservartive styrkar, oppmuntra av talar frå predikantane i moskeane, som fordømte politikken til Ba'ath. Syriske styresmakter sendte stridsvogner og soldatar inn i kvartera i gamlebyen i Hama for å slå ned opprørarane.[26]

Tidleg i 1980-åra hadde Hama vorte eit stort senter for opposisjonen mot Ba'ath-regimet under det sunni-islamistiske opprøret, som hadde byrja i 1976. Byen var åstad for blodige kampar i under ein massakre i 1981 og den mest kjende Hama-massakren i 1982.[27] Det mest alvorlege opprøret til syriske islamske opprør skjedde i Hama i februar 1982, då regjeringsstyrkar, leia av broren til presidenten, Rifaat al-Assad, slo ned eit opprør i Hama på særs brutalt vis. Stridsvogner og artilleri bombarderte nabolag haldne av opprørarar og regjeringsstyrkane skal visstnok ha avretta tusenvis av fangar og sivile innbyggjarar etter opprøret var over. Dette vart kjent som Hama-massakren. Hendinga er blitt undertrykt og blir rekna som svært sensitivt i Syria.[28]

Den syriske borgarkrigen endre

Sommaren 2011 vart byen ein av hovudsentra for opprørarane i den første tida av opprøra som fann stad i Syria som ein del av den arabiske våren. Ein væpna blokade vart lagt kring byen den 3. juli og meir enn 50 menneske mista livet og hundrevis vart skadde.

Klima endre

Klimaet er klassifisert som varmt halvtørt klima (BSh) i Köppen-Geiger-systemet.[29] Hama ligg for langt inne i landet til å få noko særleg innverknad frå dei fuktige vindane frå Middelhavet. Byen har derfor eit mykje varmare og tørrare klima enn den nærliggande byen Homs.

Vêrdata for Hama
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 11,4 13,8 17,9 23,1 29,3 33,8 36,2 36,2 33,8 27,6 19,7 13,1 24,66
Døgnmiddeltemperatur °C 6,6 8,3 11,6 15,9 21,1 25,8 28,2 27,9 25,3 19,3 12,7 7,9 17,55
Gjennomsnittleg min °C 2,9 3,3 5,4 8,8 12,9 17,4 20,2 20,1 17,1 12,4 6,6 3,7 10,9
Gjennomsnittleg nedbør mm 72,5 54,3 49,3 32,3 10,3 3,8 0,4 0,1 1,8 21,4 40 66,5 352,7
Gns. luftfukt (%) 65,5 63 59 56 51,5 46 44,5 46,5 48 54,5 59,5 65,5 54,955
Kjelde: Climate Charts[30]

Demografi endre

Ei gresk-ortodoks kyrkje.

I følgje Josiah C. Russel hadde Hama på 1100-talet eit folketal på 6 750.[31] I 1932, medan Hama var under det franske mandatet, var det kring 50 000 innbyggjarar i byen. I folketeljinga i 1960 var det 110 000 innbyggjarar. Folketalet heldt fram å auke og nådde 180 000 i 1978 og 273 000 i 1994.[32] Døydelegheitsraten per 1 000 levande fødde i Hama guvernement var 99,4.[33] Eit estimat frå 2005 seier at Hama hadde kring 325 000 innbyggjarar.[34]

Dei fleste innbyggjarane er sunnimuslimar, sjølv om somme bydelar er heilt kristne.[34] Hama er kjend for å vere den mest konservative sunnimuslimske byen i Syria sidan det franske mandatet. I denne perioden oppstod ordtaket: «I Damaskus tar det berre tre mann for å lage ein politisk demonstrasjon, medan i Hama tar det berre tre mann for å få heile byen i bøn.»[26] Den kristne folkesetnaden høyrer stort sett til den gresk-ortodokse kyrkja eller den syrisk-ortodokse kyrkja.[35]

Kyrkjeleg status endre

Den gresk-ortodokse kyrkja har ein prelat i Hama under patriarken i Antiokia.[35] Hama er framleis ein romersk-katolsk stiftstad (kalla «Hamat» eller Amath»), eit underbispedøme av Apamea. Det er som «Epifania» han er mest kjend i kyrkjelege dokument. Lequien nemner ni greske biskopar i Epifania.[36] Den første av dei, som han kallar Mauritius, er den Manikeios som signerte under Konsilet i Nikea.[37] I dag har han to katolske erkebiskopar, ein melkittisk og ein syrisk, førstnemnte bur i Labroud, den sistnemnte i Homs.[38]

Turistmål endre

Orontes og noriaer i Hama.

Dei mest kjende attraksjonane i Hama er dei 17 noriaene i Hama (arabisk نواعير حماة), som er datert attende til bysantinsk tid. Dei får vatn frå Orontes og er opp mot 20 meter i diameter. Den største av dei er al-Mamunye (1453) og al-Muhammediye (1300-talet). Opphavleg vart dei nytta til å føre vatn inn i akvedukter, som førte inn i byen og jordbruksområda kring byen.

Andre turistmål:

  • Azempalasset som var den osmanske guvernæren sin bustad frå 1700-talet. Inneheld i dag utstillingar, mellom anna ein romersk mosaikk frå den nærliggande landsbyen Mariamin (300-talet evt.)
  • al-Nuri-moskeen, stod ferdig i 1163 av Nur ad-Din etter jordskjelvet i 1157. Minareten er òg kjend.
  • Den vesle al-Izzi moskeen til mamelukkane (1400-talet)
  • Moskeen og mausoleet til Abu al-Fida, ein velkjend arabisk historikar som òg var guvernør i byen.
  • al-Hasanain-moskeen, òg oppbygd av Nur ad-Din etter jordskjelvet.
  • Den store moskeen. Øydelagd av bombing i 1982 men er restaurert til den originale form. Han har element datert til antikken og kristne strukturar. Moskeen har to minaretar, og er etterfølgd av ein forhall med eit forhøgd skattkammer.

Kjelder endre

  1. «folketeljing 2004». cbss. Arkivert frå originalen (PDF) 10. mars 2013. Henta 12. mai 2014. 
  2. Updated: Your Cheat Sheet to the Syrian Conflict. PBS.
  3. «Hamah (Syria)». Encyclopedia Britannica. Henta 13. mai 2014. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Ring, 1996, s.315.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 Hawkins, J.D. «Hamat.» Reallexikon der Assyriologie und Vorderasiatischen Archäologie, Vol. 4. Walter de Gruyter, 1975.
  6. The Decipherment of Hittite Arkivert 2018-10-31 ved Wayback Machine. James Norman (Schmidt), Ancestral Voices: Decoding Ancient Languages, Four Winds Press, New York, 1975.
  7. «Hamat». Jewish Encyclopedia. jødiskencyclopedia.com. Henta 13. mai 2014. 
  8. Historia til Hamat frå inskripsjonane vart innkapsla av George L. Robinson, «The Entrance of Hamat» The Biblical World 32.1 (July 1908:7–18)
  9. "Hamat Wrecked to Terrify Small Opponents of Assyria» The Science News-Letter. 39:13 (29. mars 1941:205–206.)
  10. R. D. Barnett, «Hamat and Nimrud: Shell Fragments from Hamat and the Provenance of the Nimrud Ivories.» Iraq. 25:1. [Våren 1963:81–85.])
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 11,5 11,6 Ring, 1996, s.317.
  12. 1 Kong 4,21–24; 2 Krøn 8,4.
  13. Jes 10,9
  14. Amos VI.2
  15. Room, Adrian. Placenames of the World. London: MacFarland and Company, Inc., 1997.
  16. 16,00 16,01 16,02 16,03 16,04 16,05 16,06 16,07 16,08 16,09 16,10 Dumper, Stanley, and Abu-Lughod, 2007, s.163.
  17. le Strange, 1890, s.39.
  18. le Strange, 1890, s.357.
  19. Robinson 1908:9.
  20. Nur al-Din-moskeen Arkivert 2013-07-03 ved Wayback Machine.. Archnet Digital Library.
  21. le Strange, 1890, s.359.
  22. 22,0 22,1 le Strange, 1890, s.360.
  23. le Strange, 1890, s.xxiii.
  24. 24,0 24,1 24,2 Ring, 1996, s.318.
  25. Reilly, 2002, s.72.
  26. 26,0 26,1 26,2 Dumper, Stanley, and Abu-Lughod, 2007, s. 164.
  27. Larbi Sadiki. «I Syria, the government is the real rebel – Opinion». Al Jazeera English. Henta 14. mai 2014. 
  28. «English.alarabiya.net». English.alarabiya.net. 9 July 2011. Henta 14. mai 2014. 
  29. M. Kottek; J. Grieser; C. Beck; B. Rudolf; F. Rubel (2006). «World Map of the Köppen-Geiger climate classification updated». Meteorol. Z. 15: 259–263. doi:10.1127/0941-2948/2006/0130. Henta 1 August 2013. 
  30. «Hama, Syrian Arab Republic: Climate, Global Warming, and Daylight Charts and Data». Climate Charts. Arkivert frå originalen 10. oktober 2017. Henta 14. mai 2014. 
  31. Shatzmiller, 1994, s.59.
  32. Wincler, 1998, s.72.
  33. Wincler, 1998, s.44.
  34. 34,0 34,1 Dumper, Stanley, and Abu-Lughod, 2007, s.162.
  35. 35,0 35,1 Schaff and Herzog, 1911, s.232.
  36. Oriens kristneus, II, s.915–918.
  37. Gelzer, Heinrich, Patrum Nicaenorum Nomina. s.lxi.
  38. Missiones Catholicae. s.781–804.

Bakgrunnsstoff endre