Vatnefjorden er ein fjordarm av Midfjorden og Romsdalsfjorden i Haram kommuneSunnmøre. Fjorden er 8 km lang og strekkjer sørover til bygdesenteret Vatne, som han er kalla opp etter.

Fjorden har innløp mellom Baralsnest i vest og Ørsneset i aust. Tennøya ligg midt i innløpet og sør for seg ligg Meøya og Løvøya. Riksveg 661 går langs austsida av fjorden, medan Fv147 går langs vestsida.

Ytre delen er tre km brei, medan indre delen er mindre enn ein km brei. På det djupaste er fjorden 130 m.