59°14′46.406″N 17°34′48.666″E / 59.24622389°N 17.58018500°E / 59.24622389; 17.58018500 Vattubrinken er ein svensk tettstad i Södertälje kommun i Stockholms län i landskapet Södermanland. I 2005 hadde tettstaden 313 innbyggjarar.

Tettstadane Vattubrinken, Sandviken og Ekeby samt bygdene Tuna og Stjärna och Aska med omland plar samla å bli kalla Enhörna. Området høyrer til Enhörna församling og Enhörna kommunedel i Södertälje kommune. Kommunedelen Enhörna blei danna i 1967, då Enhörna kommune blei slått saman med Södertälje. Kommunen Enhörna blei i sin tur danna ved ei samanslåing av kommunane Ytter- og Överenhörna i 1952. Ekeby plar reknast som administrasjonssentrum i Enhörna, sidan hovuddelen av servicefunksjonane ligg der.

Det er regelmessig bussamband med Södertälje dagleg. I sommarhalvåret går det dagleg båtar frå Sandviken og Ekensberg til Stockholm og Mariefred.

Dei næraste jernbanestasjonane er Södertälje Syd for fjerntog, Nykvarn for regiontog og Södertälje Centrum for lokaltog.

Kjelder

endre