Vaxholm
Vaxholm er ein by og kommunesenter i Vaxholm kommun i Stockholms län i Sverige. Han ligg i Stockholms skjergard. Namnet Vaxholm kjem frå Vaxholm slott, som vart bygt i 1549 på ein holme ved innløpet til Stockholm av kong Gustav Vasa.
Vaxholm | |||
Øy og tettstad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
län | Stockholms län | ||
Kommune | Vaxholm kommun | ||
Koordinatar | |||
Areal | 1,64 km² | ||
Folketal | 4 857 | ||
![]() Vaxholm | |||
Wikimedia Commons: Vaxholm | |||
Av historiske årsaker har Vaxholm alltid vorte kalla ein «stad» (by), trass i at han har hatt få innbyggjarar. I 2010 budde det 4857 innbyggjarar her. Vaxholm kommun vert derfor ofte kalla Vaxholms stad og omfattar 64 holmar i skjergarden.
HistorieEndra
Byen Vaxholm vart grunnlagd i 1558, då kong Gustav Vasa kjøpte nokre gardar her frå grev Per Brahe den eldre. Han fekk seinare rettar som kjøpstad (köping) og i 1652 fekk han kongeleg privilegium.
På 1800-talet voks byen lite. I 1880-åra vart han ein populær kurstad og det vart bygd mange sommarhus her av folk frå Stockholm.
Det var først i 1912 at ein tillegg husa i byen å verte bygd frå andre material enn tre, noko som har gjeve byen ein særeigen utsjånad.
GalleriEndra
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Vaxholm» frå Wikipedia på engelsk, den 8. juni 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
BakgrunnsstoffEndra
- Vaxholm - offisiell nettstad
- Biletgalleri Arkivert 2010-07-09 ved Wayback Machine.
7