Vegard Austli Kjøsnes
norsk musikar og komponist
Vegard Austli Kjøsnes (fødd 16. august 1981) er ein norsk musikar, komponist og dirigent frå Røros.
Vegard Austli Kjøsnes | |||
Fødd | 16. august 1981 (43 år) | ||
---|---|---|---|
Opphav | Noreg | ||
Verka som | komponist, musikar |
Kjøsnes starta karrieren på Røros kommunale musikkskole som 14-åring, etterfølgd av musikklinja på Tynset vidaregåande skole. Som den andre i Noreg med hovudinstrument klassisk munnspel fullførte han i 2006 ein bachelorgrad på Musikkonservatoriet ved NTNU i Trondheim, etterfølgd av studiar i komposisjon og arrangering same stad. I 2003 fekk han HÅGs reisestipend og i 2008 fekk han TÆL-stipend frå Sparebanken Midt-Norge.
Kjende komposisjonar
endre- 100 år på Femund, musikk til NRK-dokumentaren om båten «Femund II»
- Familie-operaen Guten som song så støgt, basert på to noveller av Torvald Sund
Bakgrunnsstoff
endre- Luft og kjærlighet Arkivert 2006-08-31 ved Wayback Machine., artikkel i Gemini
- "Guten som song så støgt" Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine. på Ringve museum
- HÅG delte ut tre nye stipender til ungdom, artikkel i Fjell-ljom