Veiviseren

Veiviseren (nordsamisk originaltittel Ofelaš) er ein samisk film frå 1987 regissert av Nils Gaup. Veiviseren var den fyrste samiskspråklege spelefilmen som nokonsinne blei produsert. Filmen hadde premiere i Noreg 30. september 1987. Han blei nominert til Oscar for beste framandspråklege film i 1988,[1] og var då den fyrste Oscar-nominerte filmen frå Noreg sidan Ni liv (1957).[2] Han blei tildelt Amandaprisen for beste film.

Ofelaš
Norsk tittel: Veiviseren
RegiNils Gaup Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)John M. Jacobsen Sjå dette på Wikidata
ManusNils Gaup Sjå dette på Wikidata
MedverkandeNils-Aslak Valkeapää, Mikkel Gaup, Helgi Skúlason, Sverre Porsanger, Svein Scharffenberg, Nils Utsi, Sara Marit Gaup, Inger Elin Utsi Sjå dette på Wikidata
KlippNiels Pagh Andersen Sjå dette på Wikidata
MusikkNils-Aslak Valkeapää Sjå dette på Wikidata
SjeffotografErling Thurmann-Andersen Sjå dette på Wikidata
DistributørCarolco Pictures Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato30. september 1987
Lengd83 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandNoreg Sjå dette på Wikidata
Språknordsamisk

Nils Gaup var inspirert av samiske segner der russar-tsjudar eller karel-tsjudar blei overvunne ved list av ein samisk vegvisar. Gaup fortalde at han høyrde soga av bestefar sin, som igjen hadde henne frå ein tradisjonell forteljar.[3] Mykje tyder på at bakgrunnen for segnene er karelske røvartokt mot samane på 1100- og 1200-talet.

Filmen kosta 17 millionar kroner å laga, og blei den dyraste norske filmen til då.[2] Veiviseren er ein av dei største filmsuksessane i nyare norsk film. Han fekk 88 % positiv respons på rottentomatoes.com.

HandlingEndra

Ungguten Aigin kjem heim frå jakt, og ser familien sin bli drepen av tsjudane. Han blir oppdaga, og det blir eit kappløp der han kjem seg unna ved å stå på den eine skia han fekk med seg. Han kjem fram til dei andre samane og kan fortelja om tragedien. Aigin ønsker å møta tsjudane med våpenmakt og ikkje flykta saman med resten av mot kysten. Vismannen til fangstfolket, Raste, seier at Aigin då sjølv blir ein tsjude: «Du slepp ikkje bort frå heilskapen, men du kan gløyma at du er knytt til han, og då blir du ein tsjude.» Rasa ber han innstendig om å dra saman med dei andre.

Aigin og tre andre jegerar trassar råda og drar mot tsjudane for å legga seg i bakhald. Men dei blir overrumpla av tsjudeflokken, og alle unntatt Aigin blir drepne. Raste, som har sett det heile, grip inn og prøver å avleia, slik at Aigin kan komma seg unna. Han blir likevel så brutalt behandla at Aigin dukkar fram frå gjøymestaden. Han tilbyr seg å vera vegvisar for tsjudane for å redda Raste. Men rett etter at Aigin og dei fleste tsjudane er ute av syne, blir Raste likevel drepen.

Aigin vel ein krevjande veg, slik at tsjudane finn ut at dei må gå i taulag. Aigin, som går først, kjem seg til slutt ut av tauet og prøver å stikka frå dei andre. Det blir eit farleg kappløp som endar med at dei fremste blir hengande utanfor skrenten. Fleire av tsjudane kutter tauet for å berga seg sjølv, slik at dei som heng under dei fell i avgrunnen. Men alle tsjudane forulykkar etter kvart, og Aigin har dermed redda samane frå inntrengarane. Etter denne bragden blir Aigin den nye vegvisar og vismannen til samane.

InnspelingEndra

Dei fleste scenene i Veiviseren er spelte inn på Finnmarksvidda, der den opphavlege myten føregår. Innspelinga bar preg av dei sterkt skiftande vêrforholda på vidda. Temperaturane under innspelinga var nede i minus 47 grader.[4][5] Dei engelske stuntmennene som fyrst var hyra snudde om på flyplassen, og måtte erstattast med stuntfolk frå den siste James Bond-filmen A View to a Kill.[2] Dei fleste skodespelarane var likevel vane til naturtihøva. Mange var amatørar, og nokre av dei, som hovudrolleinnehavaren Mikkel Gaup, var henta frå det samiske teateret i Kautokeino.

Samane i filmen talar nordsamisk. Tsjudane talar eit språk konstruert av Esben Kr. Amot.[6] Regissøren valde å ikkje teksta dei tsjudiske utsegnene.[7]

RollelisteEndra

(i utval)

KjelderEndra

  1. «The 60th Academy Awards (1988) Nominees and Winners». oscars.org. Henta 16. august 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Barth, Morten (5. juli 2017). «Klassikeren som viste vei». Rushprint. 
  3. Roberta Davidson (2011). «Different Pathfinders, Different Destinations». I Kevin J. Harty. The Vikings on Film: Essays on Depictions of the Nordic Middle Ages. McFarland. s. 96–105. ISBN 978-0786486380. 
  4. «Ble utsatt for sabotasje og ødeleggelse under innspillingen». NRK. 6 July 2017. 
  5. «Nils Gaup's Pathfinder». The Norseman. 27–28: 39. 
  6. Thomas, Kevin (22. juni 1990). «Movie Review : 'Pathfinder': Coming of Age in Lapland». The Los Angeles Times. 
  7. Travers, Peter (7. april 1989). «Pathfinder». Rolling Stone.