Ei vekeavis er ei avis som kjem ut ein dag i veka. Vekeblad kjem òg ut ein gang i veka, men ein skil gjerne mellom vekeblad og vekeaviser, dels ved at dei har ulik papirkvalitet, dels ved at vekeavisa er meir nyheitsorientert enn vekebladet. Medan vekeblad gjerne har innhald som vender seg til eit breitt publikum med eit meir underhaldande og almennopplysande innhald (til dømes Allers, Hjemmet og Norsk Ukeblad), rettar vekeaviser seg gjerne mot ein smalare nisje med større nyheits- og kommentarpreg (til dømes Dag og Tid, Morgenbladet, Bondebladet, Friheten og Utrop). Vekeaviser er typisk kvalitetsaviser med vesentleg større vekt på kommentar- og kulturstoff enn dagsaviser.

Kjelder endre