Vekslingskurs
Vekslingskursen mellom to valutaer seier kor mykje av den eine valutaen ein kan få for den andre. Ein gjev vekslingskursen ved å seia kor mykje av målvalutaen ein kan få for grunnvalutaen, til dømes ved at vekslingskursen mellom euro og amerikanske dollar er 1,2 dollar per euro.
Valutamarknaden er den største marknaden i verda. Ein har rekna ut at det dagleg blir omsett rundt 2 billionar amerikanske dollar på denne marknaden.