Opna hovudmenyen

Euro () er ei felleseuropeisk mynteining som vert brukt i 19 EU-land (kjent som Eurosona) i tillegg til Andorra, Monaco, San Marino, Montenegro, Kosovo, Vatikanstaten og Zimbabwe

Euro
Euro-Banknoten.jpg
LandAndorra, Austerrike, Belgia, Estland,
Finland, Frankrike, Hellas, Irland,
Italia, Kosovo, Kypros, Latvia,
Litauen, Luxembourg, Malta, Monaco,
Montenegro, Nederland, Portugal,
San Marino, Slovakia, Slovenia,
Spania, Tyskland, Vatikanstaten, Zimbabwe
Delt i100 cent
ValutakodeEUR
Innført1. januar 1999 (elektronisk valuta)
1. januar 2002 (myntar og setlar)
Myntar1 cent, 2 cent, 5 cent, 10 cent,
20 cent, 50 cent, 1 euro, 2 euro
Setlar5 euro, 10 euro, 20 euro, 50 euro,
100 euro, 200 euro, 500 euro
Land som brukar euro.
Euro mot sambandsstatsdollaren frå 1999 til 2004.
Eurosymbolet med offisielle fargar.

Innhaldsliste

HistorieEndra

Opphavet til euroen kan sporast attende til den 13. mars 1979, då Det europeiske økonomiske fellesskapet etablerte ECU. Dette var ei kunstig rekne- og valutaeining som var bestod av ei korg med ulike vekter av valutaene til medlemsstatane. Då euroen vart innført, erstatta han ECU i høvet 1:1.

I 1990 innleidde Den økonomiske og monetære unionen (ØMU) førebuinga til overgangen til éin felles valuta i tre etappar, der den siste var overgangen til euro. Euroen kom etter ECU i 2001 for alle dei landa som var med på den tredje fasen i ØMU. Av dei tidlegare 15 medlemslanda i EU er det i dag berre Danmark, England og Sverige som ikkje har innført euroen. Av dei nye medlemslanda gjekk Slovenia over til euroen den 1. januar 2007, Slovakia 1. januar 2009, og Kypros har òg gått over. Dei andre vil venteleg på eit tidspunkt gå over til euroen, men det kan ta fleire år før dei stettar krava som er sette.

PenganeEndra

1 euro svarer til 100 cent, eller eurocent.

EurosonaEndra

Euro er primært valuta i eurosona som består av 19 EU-land.

 
Euro-symbolet føre den europeiske sentralbanken i Frankfurt
# EU-land Innførd
1   Austerrike 1. januar 1999
2   Belgia 1. januar 1999
3   Estland 1. januar 2011
4   Finland 1. januar 1999
5   Frankrike 1. januar 1999
6   Hellas 1. januar 2001
7   Irland 1. januar 1999
8   Italia 1. januar 1999
9   Kypros 1. januar 2008
10   Latvia 1. januar 2014
11   Litauen 1. januar 2015
12   Luxembourg 1. januar 1999
13   Malta 1. januar 2008
14   Nederland 1. januar 1999
15   Portugal 1. januar 1999
16   Slovakia 1. januar 2009
17   Slovenia 1. januar 2007
18   Spania 1. januar 1999
19   Tyskland 1. januar 1999

Euro er òg offisiell valuta i seks statar og eitt område utanfor EU. Tre av desse pregar euromyntar, men ikkje euro-setlar, sidan dei ikkje offisielt er ein del av eurosona. Euro blir òg nytta i eit område tilhøyrande eit EU-land som elles ikkje nyttar euro.

Små statar og område Valuta
  Andorra Erstatta fransk franc og spansk peseta med euro den 2002-01-011. januar 2002

[1] [2]

  Monaco Erstatta fransk franc med euro den 2002-01-011. januar 2002 [3], kan prege euromyntar.
  San Marino Erstatta italiensk lire med euro den 2002-01-011. januar 2002 [4], kan prege euromyntar.
  Vatikanstaten Erstattet italiensk lire med euro den 2002-01-022. januar 2002 [5] [6], kan prege euromyntar.
  Akrotiri og DhekeliaKypros Erstatta kypriotisk pund med euro den 2008-01-011. januar 2008
Land frå det tidlegare Jugoslavia Valuta
  Kosovo I januar 2000 vart serbisk dinar erstatta med tyske mark i det sørlege Kosovo. Tyske mark vart erstatta med euro den 2002-01-011. januar 2002
  Montenegro I januar 2000 vart serbisk dinar erstatta med tyske mark. Tyske mark vart erstatta med euro den 2002-01-011. januar 2002

Danmark, Storbritannia og SverigeEndra

Maastricht-traktaten tredde i kraft den 1993-11-011. november 1993 vart Danmark og Storbritannia førebels ståande utanfor eurosona. Sverige forplikta seg i Maastricht-traktaten å innføre euro, men ved folkeavstemming i 2003 vart det eit fleirtal (56 %) mot å innføre euro i Sverige.

Danmark vart medlem av ERM-2 (og dermed ØMU) den 1999-01-011. januar 1999, men har ingen offisiell tidsplan om innføring av euro. Det er fleirtal for innføring av euro i opinionsundersøkingar i Danmark. Det vart blant anna snakka om blant politikarane om å halde folkeavstemming i Danmark i 2010, og å innføre euro i 2013. Men dette vart ikkje gjort.

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Euro

FotnotarEndra

  1. 2004/548/EC: Council Decision of 11 May 2004 on the position to be taken by the Community regarding an agreement concerning the monetary relations with the Principality of Andorra, 11. mai 2004
  2. 2004/750/EC: Council Decision of 21 October 2004 on the opening of the negotiations on an agreement concerning monetary relations with the Principality of Andorra, 21. oktober 2004
  3. 1999/96/EC: Council Decision of 31 December 1998 on the position to be taken by the Community regarding an agreement concerning the monetary relations with the Principality of Monaco, 31. desember 1998
  4. 1999/97/EC: Council Decision of 31 December 1998 on the position to be taken by the Community regarding an agreement concerning the monetary relations with the Republic of San Marino, 31. desember 1998
  5. 1999/98/EC: Council Decision of 31 December 1998 on the position to be taken by the Community regarding an agreement concerning the monetary relations with Vatican City, 31. desember 1998
  6. 2003/738/EC: Council Decision of 7 October 2003 on the adoption of amendments to be made to Articles 3 and 7 of the Monetary Convention between the Italian Republic, on behalf of the European Community, and the Vatican City State, represented by the Holy See, and authorising the Italian Republic to give effect to these amendments, 7. oktober 2003

BakgrunnsstoffEndra

  Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!