For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Våg (fleirtyding).

Våg er ei gamal norsk måleeining for masse. Størrelsen på våga har variert mellom landsdelar om mellom kva som er målt, men tilsvarer oftast om lag 18 kg. Ordet kjem frå norrønt vág '(å) vege'.

I følgje Kristian den fjerdes norske lov av 1604 er

Med varierande størrelse på marka, gir det ulike tyngder på våga:[2]

  • 1600-talet: Ei mark tilsvarte 257,18 g, 1 våg vart 18,56 kg
  • 1683: Ei mark tilsvarte 249,875 g, 1 våg vart 17,99 kg
  • 1824: Ei mark sett tilsvarande 249,056 g, 1 våg vart 17,93 kg.
  • 1875: Ei mark skulle reknast lik 250 g, i våg skulle reknast til 18 kg.[3]

Lokalt kan det likevel ha vore brukt andre slags våger, avhengig av kva slags varer som vart vegne opp. I heile Vest-Noreg har det vore brukt våg på 90 merker av 257,18 g, eller 72 merker a 321,48 g, til veging av mjøl, ei slik våg tilsvarte heile 23,15 kg. Det er også kjend ei eiga våg på 82 mark kølnsk vekt, denne våga tilsvarte 19,18 kg.

Kjelder endre

  1. Kristian IVs norske lov av 1604, arkivert frå originalen 1. januar 2005, henta 29. januar 2007 
  2. Mark i Norsk historisk leksikon
  3. Lov om Maal og Vægt 1875 (PDF), arkivert frå originalen 13. august 2011, henta 22. februar 2010 

Bakgrunnsstoff endre

  • Språkrådet: «Åtte potter rømme, fire merker smør – Om gammalt mål og gammal vekt», I: Språknytt. Nr 4, 2006.