Velykyj Kujalnik
Velykyj Kujalnik (Великий Куяльник), eller Bolshoj Kujalnik (Большой Куяльник) er ei elv i Podilsk, Ananjiv, Sjyrjajeve og Ivanivka rajon i Odesa oblast i Ukraina. Munningen er Kujalnikestuaret i Svartehavet. Elva er rundt 150 km lang, og har eit nedslagsfelt på 1860 km².[1] Busetnadane Sjyrjajeve og Ivanivka ligg ved breidden av Velykyj Kujalnik.
Velykyj Kujalnik | |||
elv | |||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Velykyj Kujalnik 46°45′11″N 30°36′12″E / 46.753083°N 30.603418°E | |||
Wikimedia Commons: Velykyi Kuyalnyk |
Historisk har elva vore farbar, og saman med Dnestr blei ho brukt til å transportera varer til Svartehavet, utanom stryka i Dnjepr. I 2007-2008 bygde ulovlege sandhaustarar ein demning ved munningen av elva, slik at Velykyj Kujalnik ikkje rann ut i havet meir. Demningen blei ikkje riven, slik at estuaret tørka ut.[2][3]
Kjelder
endre- ↑ «Большой Куяльник» (på russisk). Great Soviet Encyclopedia. Henta 21 May 2016.
- ↑ «Куяльник: туманное будущее национального парка» (på russisk). Таймер. 28 June 2010. Arkivert frå originalen 10. juni 2016. Henta 21. mai 2016.
- ↑ Симоненко, Ольга. «Куяльник погибает: одесское «Мертвое море» обмелело» (på russisk). Odessa-life. Henta 21. mai 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Velykyi Kuyalnik» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juli 2020.