Opna hovudmenyen

Dnestr (ukrainsk Дністер, Dnister; rumensk Nistru) er ei elv i Ukraina og Moldova med ei lengd på 1 362 km.

Dnestr
elv
Dniester01.jpg
Dnestr ved Tiraspol
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina, Flag of Moldova.svg Moldova
Nedslagsfelt 68 627 km²
Lengd 1 362 km
Middelvassføring 310 /s
Kjelde Dei ukrainske Karpatane
 - høgd 1 000 moh.
Munning Svartehavet
Wikimedia Commons: Dniester

NamnEndra

Namnet Dnestr kjem frå det sarmatianske (iranske) *Dānu nazdya «den nærliggjande elva».[1]. Til samanlikning tyder Dnepr «den fjerntliggjande elva». Det eldre namnet Tyras er frå det skytianske *tûra, som tyder «rask».

russisk heiter elva Днестр (Dnestr), på rumensk Nistru, på jiddisk: Nester - נעסטער; på tyrkisk, Turla og under antikken vart ho kalla Tyraslatin og Danastrisgresk. Forfattarar i antikken har òg kalla ho Danaster.

GeografiEndra

Ho har utspringet sitt i Ukraina, nær Drohobytsj og ikkje langt frå grensa til Polen. Frå her renn ho i retning mot Svartehavet. Eit kort stykke dannar ho grensa mellom Ukraina og Moldova, før ho renn vidare gjennom Moldova i 398 km der store delar av lengda hennar dannar grensa mot området Transnistria. Seinare dannar ho igjen grensa mellom Moldova og Ukraina før ho renn inn i Ukraina igjen og ut i Svartehavet, der estuaret hennar dannar Dnestr Liman.

I dei nedre delane av elva er vestsida av ho høg og åslendt, medan austsida er låg og flat. Elva dannar den eigentlege austlege grensa til Den asiatiske steppa. Dei viktigaste sideelvane hennar er Răut og Bîc.

Før den andre verdskrigen danna Dnestr grensa mellom Romania og Sovjetunionen. I løpet av krigen vart det utkjempa slag på venstre sida av elva med Tyskland og Romania mot Sovjetunionen.

SideelvarEndra

 
Dnestr nær Piliptsje

Av sideelvar på høgre sida finn ein Răut, Ikel, Bîc og Botna, medan sideelvar på venstre er Zolota Lypa (140 km), Koropets, Dzjuryn, Seret (250 km), Zbrutsj (245 km), Smotrytsj (169 km), Usjytsia (112 km), Kalius, Liadova, Murafa (162 km), Rusava, Jahorlyk (173 km) og Kutsjurhan (123 km).[2]

ByarEndra

FotnotarEndra

  1. Mallory, J.P. and Victor H. Mair. The Tarim Mummies: Ancient China and the Mystery of the Earliest Peoples from the West. London: Thames & Hudson, 2000. s. 106
  2. Encyclopedia of Ukraine - Dnestr

BakgrunnsstoffEndra

KjeldeEndra