Venke Knutson
Venke Knutson (fødd 20. oktober 1978) er ein norsk popartist.
Venke Knutson | |||
| |||
Fødd | 20. oktober 1978 (45 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Birkeland | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 2003– | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | vokal | ||
Plateselskap | Universal Music Group | ||
Verka som | songar |
Bakgrunn
endreKnutson vaks opp i ein musikalsk familie i bygda Birkeland i Aust-Agder. Ho opptredde som vokalist for fyrste gong i 1996 og byrja på lærarutdanninga i 1998. Knutson jobba som barneskulelærar på Bryn skole, men la lærarjobben på hylla for å bruke meir tid på musikken.
Musikkarriere
endreI byrjinga av musikkarrieren kora Knutson for andre artistar, blant anna i bandet S.P.O.O.N med Erik Faber som vokalist då bandet vann NM i rock i 1999. Ho drog seinare til USA saman med familien og budde på sjømannskyrkja i Houston, der dei vart buande nokre år. På denne tida song ho i kor, og det var då ho verkeleg fekk smaken for musikk. Før Knutson fekk platekontrakt, var ho blant anna leiar for lovsangen i Storsalen forsamling i Oslo. Våren 2003 fekk Knutson platekontrakt med plateselskapet Universal, i samarbeid med hennar gamle manager Jan Fredrik Karlsen. Den fyrste singelen ho gav ut heitte Panic. Albumet Scared kom i 2004. Singelen «Kiss» vart ein stor hit sommaren 2004 og låg fleire veker som nummer 1 på radiolista. Hausten 2005 gav ho ut singelen «Just a Minute» frå sitt andre album Places I Have Been. Etter 4 veker på VG-lista vart dette hennar fyrste singel som klarte å kapre fyrsteplassen.
Knutson har Bon Jovi som sitt førebilete og har ein forkjærleik for gitarar.[1] Ho har òg spelt trommar.
I 2008 var Knutson med på barneplata Magiske kroker & hemmeligheter;; produsert av Linn Skåber og Jacob Young, med songen «Vinteren er her».[2][2]
I januar 2010 var Knutson med som deltakar i Melodi Grand Prix. Ho gjekk vidare til den norske finalen via «Siste sjansen» som vart arrangert i Sarpsborg 30. januar, med låten «Jealous 'Cause I Love You» skrive av Laila Samuelsen, Alexander Kronlund og Lucas Hilbert.
Knutson driv i dag Poprommet Musikkskole, med avdelingar i Oslo, Ås og Bodø, i tillegg til at ho er aktiv som artist.
Diskografi
endreAlbum
endre- 2004 Scared
- 2005 Places I Have Been
- 2007 Crush
- 2010 Smiles - The Very Best of Venke Knutson
Singlar
endre- 2003 «Panic»
- 2004 «Scared»
- 2004 «Kiss»
- 2004 «In2u»
- 2005 «Just a Minute»
- 2005 «When The Star Goes Blue» (med Kurt Nilsen)
- 2007 «Holiday»
- 2007 «Walk The Walk»
- 2007 «Win With Your Hands Down»
- 2010 «Jealous 'Cause I Love You»
- 2014 «Ta meg med»
- 2014 «Salvation»
- 2014 «Kom»
- 2016 «Next Time»
Referansar
endre- ↑ Venke gjør som Marlin, Dagbladet, 2. mars 2004
- ↑ 2,0 2,1 (no) «DIVERSE ARTISTER: Magiske Kroker Og Hemmeligheter - Sanger Av Linn Skåber Og Jacob Young». Platekompaniet.no. Henta 21. februar 2009.
- Denne artikkelen bygger på «Venke Knutson» frå Wikipedia på bokmål, den 24. november 2021.