Verbal er ei nemning på eit setningsledd. Verbalet er som einaste obligatoriske ledd i ei setning, det viktigaste setningsleddet. Verbalet fortel kva slags handling som vert skildra i setninga, i tillegg til å tidfeste handlinga. Setningsleddet verbal er sett saman av verb.

Verbal i norsk endre

I norsk kan verbalet enten vera enkelt eller sett saman av fleire verb:

  • Eg er svolten. – Verbalet «er» er enkelt.
  • Eg har vore svolten – Verbalet «har vore» er sett saman av fleire verb, hovudverbet «å vera» og hjelpeverbet «har».

Når verbalet er enkelt, står verbet i presens, preteritum eller imperativ. Desse verbformene gir verbal med finitt form. Når verbalet er sett saman av fleire verb, står eit av verba i finitt form, medan dei andre verba står i infinitt form. Verbet i finitt form er da ofte et hjelpeverb (modalt eller vanlig).

Kjelder endre